nyhende
Inviterer til gratis aktivitetsdag i haustferien
Ridning, bålkos og møte med dyr står på programmet når Frivilligsentralen og Skattkammeret inviterer barn og familiar til Tjernagel Leir og Fritidssenter.
Mange reiser bort i haustferien, medan andre blir heime. For dei yngste kan feriedagane bli lange når det er skulefri. Torsdag inviterer Frivilligsentralen og Skattkammeret til ein gratis aktivitetsdag ved Tjernagel leir- og fritidssenter.
– Det blir ridning, bålkos, møte med ulike dyr og fleire andre aktivitetar. Me håpar mange vil melde seg på, seier Kristin Bjelland Robberstad ved Kirkens Bymisjon i Sveio.
For alle
Robberstad peikar på at ikkje alle reiser bort i ferien, og at det difor er viktig å ha lokale aktivitetar. Tilbodet er retta mot barn og familiar, og det kostar ingenting å delta.
Samstundes er det viktig med aktivitetar som gir barna gode minne og opplevingar.
– Når dei kjem tilbake til kvardagen, har dei noko kjekt å fortelje om. Når dei kjem tilbake til kvardagen, har dei noko kjekt å fortelje om, seier ho
Prisane har stige dei siste åra, og kvardagen har blitt dyrare. Robberstad meiner difor at gratis aktivitetar for barn og unge blir stadig viktigare.
Lommeboka skal ikkje avgjere
Frivilligsentralen har frå før ein fast møteplass på onsdagar for barn og unge frå 5. klasse og oppover. Ifølgje Robberstad kjem det mellom 30 og 60 barn og unge til møteplassen.
Ho meiner det alltid vil vere behov for aktivitetar og møteplassar som ikkje er avhengige av økonomien til familiane.
Me skal vere ein arena der tilboda ikkje er avhengige av lommeboka.
– Ting blir dyrare og dyrare. Me skal vere ein arena der tilboda ikkje er avhengige av lommeboka. Då må me ha tilbod som alle kan delta i, og som ikkje kostar så mykje.
Robberstad meiner at opplevingar saman med andre skaper relasjonar, samhald og tilhøyrsle. Slik ønskjer Frivilligsentralen og Skattkammeret også å bidra til gode møteplassar i lokalsamfunnet.
Plass til 30 barn
Det er påmelding til aktivitetsdagen, og arrangørane har sett ei øvre grense på 30 barn. Barna kan delta saman med ein føresett eller familien sin.
– Me må setje eit tak for at det skal vere kjekt for alle og handterleg for oss som arrangerer. Førebels har me framleis ledige plassar, seier Robberstad.
Ho håpar familiar som ikkje har andre planar i haustferien, tek kontakt og melder seg på.
– Me satsar på at det blir ein kjekk dag der familiar kan kose seg saman.