- Oter, eigentleg europeisk oter (Lutra lutra), er eit rovpattedyr som er godt tilpassa å vera mykje av livet i vatn uansett årstid.
- Oteren har ein langstrakt kropp, korte bein og lang, kraftig hale med spiss ende. Kroppslengda er 102-138 centimeter og halelengda 57-70 centimeter. Vekta varierer mellom 4 og 11 kilo. Hannar er noko større enn hoer.
- Pelsen er mørkebrun til gråbrun på oversida, og lysegrå på strupen og nedover brystet. Pelsen er tjukk med svært høg tettheit av hår og isolerer godt mot vatn. Otrar som jaktar i saltvann er avhengige av ferskvatn for å vaska ut saltet av pelsen.
- Fisk er den viktigaste næringskjelda. Oteren kan også eta amfibier, krypdyr, små pattedyr og fuglar, insekt, blautdyr og krepsdyr.
- I Noreg vart oteren totalfreda i 1982. Då var den allereie utrydda i Sør-Noreg på grunn av stort jakttrykk. No er den på frammarsj langs kyst, elver og innsjøar i heile landet.
Kjelder: Store norske leksikon og NINA