nyhende
Jaktar metallskrot i sjøkanten
Når 10 år gamle Peder Vestbø frå Sandeid dreg på fisketur, er det ikkje alltid fersk fisk som står på dagsorden. Somme gonger kan det vera like spanande å fiska etter rot og skrot som har hamna i sjøen.
På kaikanten ved elveosen i Sandeid står ein ivrig ung fiskar og gjer seg klar til dagens fiskeøkt. Denne dagen er han på jakt etter jernskrot som har funne vegen ut i sjøen, og ved hjelp av ei tre meter lang snor med ein sterk magnet festa i den eine enden håpar han på storfangst.
– Eg prøver å få opp ting som eg kan samla på, seier Peder og kastar snora så langt han klarar.
Legg ut funn på Facebook
Det er ikkje alltid han lukkast med fangsten, og i dag ser det heller dårleg ut. Men sjølv om han av og til må gå tomhendt heim igjen set det ingen dempar på fiskegleda. Som oftast finn han ting det kan vera kjekt å ta vare på og som kan koma godt med i samlinga han har heime i garasjen.
– Eg har funne både ein sparkesykkel, ei gamal gryte, eit sparkesykkeldekk, skruar og litt metall. Mesteparten av det eg finn tek eg vare på og legg det i garasjen. Og dersom eg finn noko av verdi legg eg det ut på Facebook slik at eigaren kan koma å henta det. Eg har funne eigaren til sparkesykkelen, men eg vil fiksa den litt før eg gjev den tilbake, seier han.
Kjekk hobby
10-åringen frå Sandeid fatta interesse for magnetfisking etter å ha sett nokre klipp på nettet. Fiskeutstyr blei kjøpt inn og snart var han i gang. Nå tek han turen til kaikanten så ofte han kan for å jakta nye skattar.
– Eg har magnetfiska i eitt år. Eg fiskar heile året og fiskar mest aleine, seier 10-åringen.
Elveosen ved bubilparkeringa i Sandeid sentrum og Moljo på Vestbø er favorittplassane., men langs heile strandkanten kan det dukka opp rot og skrot som ikkje høyrer heime i sjøen. At sjøen mange stader er forsøpla likar Peder lite.
– Det er ikkje bra for fiskane at det er søppel i sjøen, seier den unge magnetfiskaren.
Mange interesser
Peder ein aktiv gut som heile tida likar å ha noko å hengja fingrane i, og når han ikkje jaktar metall i sjøen eller fiskar etter levande fisk synes han det er heilt topp å fiksa ting han har liggjande heime.
– Eg likar å mekka og fiksa ting, og så likar eg å fiska. Eg har også ein metalldetektor som eg brukar av og til, seier Peder og smiler.