nyhende

Jarl Vidar Meling i arbeid med ferdiggjering av første sak for Vestavind.

Jarl Vidar Meling er på plass

Me gler oss over at Jarl Vidar Meling er på plass som journalist. Første arbeidsdag var det mykje å setta seg inn i. Og ikkje minst varierte oppdrag.

Publisert

 – Korleis har den første dagen vore?

– Utruleg spennande, lærerikt og utfordrande. Det er mykje å setta seg inn i, mellom anna heilt nye system. Men det er kjekt å læra nye ting, og det har vore gøy å treffa kjekke folk både på kontoret og på oppdrag, seier Vestavind sin nye journalist.

Han blei raskt sett til å jobba med saker, og det synes han er heilt topp.

– Stort spenn

– Første dag i ein jobb går ofte med til å får orden på alt mogeleg. Å bli sendt ut på oppdrag er mykje kjekkare enn å sitta på kontoret. Å vera hands on med ein gong lærer ein mykje av.

Oppdraga var også heilt ulike: basar på soknehuset og formannskapsmøte.

– Begge deler er viktige, og det viser også veldig godt spennet i kva ei lokalavis dekker.  Eg har jobba med saker i Sveio før, men ikkje tett på som no. Politikk er eit av ansvarsområda mine, og då tenkte eg det var like greit å gå på formannskapsmøte med ein gong. Både for å presentera meg og gjera meg kjent med politikarane og sakene, seier Jarl Vidar.

Blir i tre veker, så er det ferie

Førebels skriv han på bokmål. Men etter kvart som alt nytt av system og rutinar har falle på plass, vil han prøva seg på nynorsk.

I første omgong blir han på Vestavind-kontoret i tre veker. Så skal han ha ferie før han er tilbake mot slutten av juli.

Powered by Labrador CMS