nyhende
Jarle Jacobsen får KrFs kampplass: – nominert på fjerdeplass
Vestland KrF har nominert Jarle Jacobsen frå Sveio på fjerdeplass til fylkestingsvalet i 2027. Dermed ligg han an til å kjempe om partiet sitt fjerde mandat.
– Eg er veldig motivert for å kjempe om ein plass i fylkestinget og ser fram til valkampen, seier 52-åringen.
Jacobsen stod på 19. plass på fylkestingslista til KrF ved valet i 2023. Denne gongen har nominasjonsmøtet løfta han opp til 4. plass.
Treng 900 røyster
KrF har i dag tre representantar i Vestland fylkesting. Ei utrekning basert på valresultatet viser at KrF, dersom stemmetala til dei andre partia hadde vore uendra, ville ha trunge om lag 900 fleire røyster for å få eit fjerde mandat.
– Dette er kampplassen, og han er absolutt innanfor rekkjevidd. Her er det berre å setje seg på motorsykkelen og køyre rundt for å besøkje kommunar, seier Jacobsen.
På landsbasis gjorde KrF eit historisk svakt fylkestingsval i 2023. Partiet fekk 4,0 prosent av røystene – den lågaste oppslutninga i SSBs landsdekkjande statistikk tilbake til 1975. I Vestland fekk partiet eit resultat på 4,9 prosent.
Vil løfte fylkesvegane
Jacobsen trur samferdsel og vedlikehald av fylkesvegane blir ei viktig sak i valkampen fram mot fylkestingsvalet i 2027.
– Eg meiner mellom anna at Sveio blir nedprioritert av fylkeskommunen. Difor står dette høgt på agendaen, seier han.
KrF er i dag eitt av seks parti i det politiske samarbeidet som styrer Vestland fylkeskommune. Partiet samarbeider med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne.
Jon Olav Økland frå Bergen er nominert på førsteplass. Han meiner Vestland KrF stiller med eit sterkt lag fram mot valet.
– Nominasjonsmøtet har valt eit godt KrF-lag. Målet er at fylkestingsgruppa etter valet òg består av Oddgunn Keilegavlen Grane, Jonatan Hurthi og Jarle Jacobsen, understrekar Økland i ei pressemelding.