nyhende
Jentene tok kodinga i eigne hender
Koding, lysspel og micro stod på programmet då femteklassejentene frå Sveio skule deltok på Girl Tech Fest. Fleire fekk prøve programmering for aller første gong.
– Det er deilig at det ikkje er gutar her.
Tilda Andersen Dalen frå Vikse skule er på Girl Tech Fest på folkebiblioteket. Her er det gutefri teknologi som stel merksemda.
– Det er litt deilig at dei er på skulen. Dei lagar så mykje lyd i klassen at det ville vore heilt bananas her i dag, seier Andersen Dalen.
Første gong
Ho er på den tredje stasjonen sin for dagen. Akkurat no arbeider ho med å kode på PC-en. Her prøver ho å lage eit lite lysspel på skjermen. Dette er første gong ho testar programmering, men meistringskjensla kom raskt.
– Det er kjekt å prøve noko nytt. Det er faktisk veldig gøy å prøve sjølv, seier ho.
Under Girl Tech Fest på Sveio folkebibliotek fekk jentene i 5. klasse frå Førde, Vikse, Valestrand og Auklandshamn skular bryne seg på fleire teknologiske aktivitetar. Målet med arrangementet er å vise at koding, programmering og teknologiyrke ikkje berre er for gutar.
For fleire av elevane var dette det første møtet med programmering. Ida Bertine Hammer frå Vikse skule fortel at ho aldri har prøvd noko liknande før.
– Ein får lære nye ting og ha det gøy med nye oppgåver. Eg elskar det, og det er veldig gøy. Fleire jenter burde gjere dette, seier Hammer.
Kjempeflinke
Ho har førebels andre planar for framtida og har lyst til å bli lærar. Men programmeringa gav likevel meirsmak.
Tuva Thorkildsen Solhaug har studert informasjonsteknologi. No jobbar ho med å lage appar og nettsider og med design. Sjølv fann ho vegen til informasjonsteknologi gjennom interessa for gaming og videospel. Under Girl Tech Fest forsøkte ho å inspirere dei unge teknologane.
Solhaug meiner dagens unge har eit heilt anna forhold til digitale verktøy enn hennar eigen generasjon hadde på same alder.– Dei brukar datamaskiner og iPad-ar og er kjempeflinke. Eg trur også at langt fleire jenter i denne generasjonen blir interesserte i teknologi, seier ho.
Blei inspirert
Ho meiner mange framleis har eit for snevert bilete av kva det vil seie å arbeide med teknologi.
– Ein tenkjer kanskje at det er kjedeleg, eller at ein må vere kjempeflink i matte. Men det treng ein ikkje. Teknologi kan vere kreativt, og det er plass til mange ulike typar menneske, seier ho.
Det er framleis for tidleg å vite om nokon av elevane kjem til å velje eit teknologiyrke om nokre år. Men fleire gjekk frå arrangementet med nye idear.
– Eg har alltid likt å lage videoar. Kanskje eg kan bli programmerar eller jobbe med teknologi. Eg blei litt inspirert, fortel Tilda.