nyhende

Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur. Han har skrive filmmanuset til filmen «Kjærast», som har premiere på filmfestivalen i Haugesund seinare denne månaden.

Jon Fosse-film opnar filmfestivalen i Haugesund

Regissør Erik Poppes nye film «Kjærast», som er laga i samarbeid med nobelprisvinnar Jon Fosse, får premieren sin på filmfestivalen i Haugesund.

Publisert

Filmfestivalen blir sparka i gang søndag 23. august. Der vil regissøren vere til stades på raud løpar saman med skodespelarane i filmen, blant dei Kirsti-Helene Engeberg som speler hovudrolla.

Jon Fosse skal etter planen ikkje vere med på premieren, opplyser festivalen til NTB.

– «Kjærast» er ei kjærleikshistorie full av det usagde, ømheit og mystikk – umiskjenneleg Jon Fosse. Samtidig er det kanskje den mest opne døra inn til universet hans for dei som enno ikkje har oppdaga kven han er, seier regissør Poppe i ei pressemelding.

Filmen er basert på nobelprisvinnarens einaste originalskrivne spelefilmmanus, som han skreiv for over 25 år sidan. Handlinga i filmen finn stad i ein liten kystby på Vestlandet og handlar om kjærleik, sakn og avstand.

– Historia kunne ikkje vorte filma nokon annan stad enn på det vakre Vestlandet, og derfor er Haugesund den perfekte staden å la denne filmen få møte publikum for første gong, seier Poppe.

Forfattar og dramatikar Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, og verka hans verk er omsette til meir enn 50 språk.

Powered by Labrador CMS