nyhende
Jordkjellaren er tilbake
Fordi folk er blitt meir opptekne av sjølvberging, opplever fleire leverandørar av jordkjellarar no større interesse for denne gamle måten å lagre grønsaker på.
– Vi har merka ein auke i salet av jordkjellarar på cirka 50 prosent frå 2023 til 2026, opplyser Hans Ole Ingulfsvann i bedrifta Villmarksbad til Nynorsk pressekontor (NPK).
Villmarksbad har spesialisert seg på å levere ferdige jordkjellarmodular, og har òg registrert at kundane er meir opptekne av sjølvberging no enn dei var tidlegare. Det same gjer selskapet Revonia, som leverer jordkjellarar i Norden og Baltikum.
– Interessa for produkta våre har gått veldig opp i takt med at verdssituasjonen har blitt meir uroleg, seier salsdirektør Helar Laur i Revonia til NPK.
Ein jordkjellar er ein bygning eller eit rom som heilt eller delvis er nedgraven i bakken. Temperaturen her gjer at rommet eignar seg til å lagre mat og grønsaker året rundt utan bruk av straum.
Gleda ved sjølvbygging
Ein som har kasta seg på jordkjellar-trenden er Jan Nyberg. Han har brukt det siste året på å byggje ein jordkjellar på fritidseigedommen sin på Bildøy utanfor Sotra.
– Er det auka medvit om sjølvberging og eigenberedskap som ligg bak?
– Det er ikkje den viktigaste grunnen, men sjølvsagt tenkjer ein litt på det. Eg dyrkar litt poteter, grønsaker, frukt og bær, så tanken er jo å kunne bruke kjellaren til oppbevaring av det eg haustar på eigen grunn. Men beredskap var ikkje det viktigaste – først og fremst var det gleda av å kunne gjere noko sjølv, seier Nyberg.
For heile jordkjellaren til Nyberg er nemleg sjølvbygd. Kjellaren føyer seg inn i ei rekke av andre bygg han har reist på eigedomen sin.
– Det er ganske mykje arbeid. Eg har brukt eit år på å lage han. Han ligg i ein bakke, så eg trudde det skulle vere relativt enkelt å grave seg inn i bakken, men då eg kom eit stykke, møtte eg på fjell. Det måtte eg bore opp og sprengje, seier hobbyhandverkaren.
Mykje av materialet han har brukt, har han henta frå eige lager eller hjå familie. No er det stort sett berre krona på verket som står att før jordkjellaren er komplett.
– Eg har fått tette veggar og tett tak. No skal eg få på plass sedumsplanter på taket, men det blir ikkje før til våren. Det er eit lite prosjekt det òg – å leggje eit slikt tak og sørgje for at det er god drenering. Eg vil ha eit slikt fordi eg ønskjer at bygget skal gli mest mogleg inn i terrenget. Det er ein sentral del av denne bygningstypen, meiner eg – at han skal passe inn i landskapet rundt.
Mange moglegheiter
I februar i år kom Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) med ei undersøking som viste at vi nordmenn har byrja tenkje meir over eigenberedskapen vår. Selskapet Revonia fortel at dei både i Noreg og elles i Norden merkar positive ringverknader av dette.
– Det er ingen tvil om at mange er meir opptekne av å klare seg sjølve om noko skulle skje, seier Laur.
Selskapet har førebels få kundar i Noreg, men fortel at det ikkje kjem av manglande interesse.
– Nordmenn er nok litt meir opptekne av kvalitet enn i dei andre landa vi opererer i, men elles ser vi at kundegruppene i dei ulike landa har dei same grunnane for å skaffe seg kjellar, seier Helmuts Apsis i Revonia.
Revonia leverer både små og store modular slik at jordkjellaren kan bli akkurat slik ein ser for seg.
– Både storleik og form kan enkelt varierast. Vi kan leggje kjellaren under jorda eller ha han på overflata. Mange vel å dekke han til for å få han til å gå i eitt med terrenget, slik tradisjonelle jordkjellarar også gjorde.
Teknologien bak modulane byggjer òg på den gamle kunnskapen frå den tida ein fann jordkjellarar over alt.
– Det viktigaste er at det er god lufting. Heilt tette rom gir fuktigheit som igjen gir mugg, seier Laur.
Ingen kjellarråd
DSB har det overordna ansvaret for å legge til rette, vegleie og informere nordmenn om eigenberedskap. Dei har ingen konkrete tilrådingar om jordkjellarar eller andre måtar å konservere mat på.
– Vi har prøvd å utarbeide råd som er konkrete, enkle og moglege å følgje for flest mogleg. Samtidig er det mykje anna som kan bidra til å styrkje beredskapen, skriv fagdirektør for eigenberedskap i DSB, Tore Kamfjord, i ein e-post.
Han peikar likevel på at dersom mange er førebudde, så blir det lettare for kommunar og nødetatar å prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
– Har ein moglegheit og kunnskap til å etablere ein jordkjellar, kan det vere eit positivt bidrag til beredskapen, skriv han.
Fakta om jordkjellar
Har opphavleg eit golv som dannar direkte kontakt med jordsmonnet. Det fører til at fuktigheita og temperaturen i jorda stabiliserer klimaet i lagerrommet slik at der er kjølig om sommaren og frostfri om vinteren. Jordfuktigheita sørgjer også for at matvarene ikkje tørkar ut.
Kunne tradisjonelt vere nedgraven i bakken med murte veggar og tak, slik at han var fullstendig omgitt av jord, men kunne også vere anlagt under hus. For å hindre mugg var han som regel utstyrt med ei form for ventilasjon.
Det finst også moderne jordkjellarar, blant anna fullstendige einingar av glasfiber som kan gravast ned i jorda utan å måtte byggje mur.