nyhende

Aud Hanne Lien Jensen fyller 40 på sjølvaste nyttårsafta.

– Kanskje ei feiring med vener og familie

Aud Hanne Lien Jensen er den neste ut i 40-årsfeiringa av både Vestavind og sveibuar.

Publisert

Vekas 40-åring

Namn: Aud Hanne Lien Jensen

Fødselsdato: 31.12.1986

Bustad: Auklandshamn

– Kva barne- og ungdomsskule gjekk du på?

– Eikeland skule, Auklandshamn skule og Førde ungdomsskule.

– Korleis har du feira, eller skal feira, 40-årsdagen?

– Har ikkje tenkt så langt fram. Men kanskje ei feiring med vener og familie. 

– Kva gjer du no?

– Jobbar som nattevakt på Sveio omsorgssenter, og er vikar ved Auklandshamn skule når eg har fri og det passar. 

– Er det sveibuar du vil framsnakka, og kvifor?

– Gerd Jorunn Christensen. Ei eldsjel i bygda vår. Eit ja-menneske som også er ein stor ressurs. I tillegg vil eg nemna André Mundal Haukås. Ordføraren vår, som er jordnær, engasjert, tilstadeverande og ser alle, også dei fra «småbygdene».

Har du lyst til å feira og få ein 40-årscaps? Oppskrifta finn du under:

Powered by Labrador CMS