nyhende

Basargeneral Sveinung Andersen er klar for fullt hus under basaren på Filadelfia neste søndag.

Klar for ny innsamling til Ukraina

Neste helg er det igjen innsamling av klede og stor basar hos Filadefia Auklandshamn. Klede og pengar som kjem inn går til Open Heart sine prosjekt i Ukraina.

Publisert

I eit stadig meir krigsherja Ukraina er det behov for det meste. Det er blitt mykje vanskelegare å driva hjelpearbeid, men hjelpesendingane frå Open Heart, leia av Halvard Hasseløy, kjem framleis fram.

Innsamling på fire stadar

Helga 24. og 25. oktober er det den årlege innsamlingsaksjonen SOS Ukraina i regi av Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn. Laurdagen er det innsamling av varme klede, sko, tepper og andre ting det er bruk for ein kald vinter.

– Alt ein leverer må vera reint og heilt, men ein treng ikkje sortera. Legg det du vil gi i plastsekkar. Det er også bruk for madrasser, dyner, sengklede og reiskapar, seier Sveinung Andersen.

Mottaka i Sveio er som vanleg hos Filadefia Auklandshamn, ved soknehuset i Sveio sentrum, Førde bedehus og ved butikklokalet i Valevåg. Det blir loddsal på alle innsamlingsplassane, og på Bua bedehus sitt formiddagstreff tysdagen før.

Stor basar

– Me ber om 50 kroner i transportstøtte per sekk. Det er frivillig, men viktig for at transporten skal gå til sjølvkost slik at alt som kjem inn på basaren går uavkorta til Open Heart sine prosjekt i Ukraina, sier Andersen.

Han har vore basargeneral i ein del år. Basaren om søndagen er kjent for mange og fine gevinstar, og det kjem folk frå andre kommunar enn Sveio for å vera med. 

– I fjor fekk me inn 250.000 kroner. Om me klarar det i år gjenstår å sjå. Denne gongen blir det ein litt annleis  start på basaren. Me kjem til å ha ei kort markering av at bygget er renovert. Basaren blir første samling etter at alt er ferdig, seier basargeneralen, og lovar at alle som kjem får plass.

Powered by Labrador CMS