nyhende

I Oslo kan ein ta mikroemne om forfattarskapen til Agnes Ravatn.

Kø for å få studera Agnes Ravatn

I Oslo og Bergen deler universiteta ut fleire tusen gratis nynorskbøker for å skape meir leselyst. I Oslo kan ein også ta mikroemne om forfattarskapen til Agnes Ravatn.

Publisert

Det er femte året på rad at Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo (UiO) deler ut ein gratis roman til nye studentar. I år er Agnes Ravatns roman Doggerland vald ut, skriv Khrono.

Ifølgje nettstaden kan studentane også studera sjølve romanen i eit såkalla mikroemne som gir 2,5 studiepoeng. I haust er det mogleg å ta to mikroemne i Doggerland, og to til våren. Alle 90 studieplassar for dei to første emna er allereie fylt.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) er det nynorsk-romanen Tollak til Ingeborg av Tore Renberg som blir delt ut i prosjektet «Humanistar les». I fjor var det Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo.

Universitetet i Stavanger (UiS) inviterer til felles lesing om vinteren. I år fekk studentar og tilsette Dørene lukkes av Maren Skolem, skriv Khrono.

Powered by Labrador CMS