nyhende
Kollisjon mellom bil og motorsykkel
Politiet melder at ulukka har skjedd på Tittelnesvegen i Sveio. Vegtrafikksentralen opplyser at ulukka har skjedd på Bjelland.
Meldinga om ulukka kom klokka 14.15, og det er ein bil og ein motorsykkel involverte.
- Bilen skal ha køyrt inn i bakenden på motorsykkelen. Trafikken flyt greitt på staden. Føraren av motorsykkelen er vaken, skadeomfanget er ukjent, opplyser operasjonsleiar Rune Tollaksen i Sør-Vest politidistrikt.
Vegtrafikksentralen melder at det er redusert framkome på staden.
Oppdatering: Vestavind sin reporter på staden seier at det er lange køar etter ulukka.
- Bilane står tett i tett, og køen strekkjer seg langt i begge retningar. Politiet har innført manuell dirigering.
Politiet opplyser at bilberging er på staden. Føraren av motorsykkelen er teken med til Haugesund i ambulanse.
Ifølgje politiet skal ulukka ha skjedd i låg fart. Det er òg ein del oljesøl i vegbanen som må ryddast opp i.
Klokka 16.06 melder politiet at vegen er open igjen. Det er oppretta sak i forhold. Føraren av bilen er avhøyrd og førarkortet er beslaglagt.