nyhende
Kong Harald V er død
Kong Harald V av Noreg er død, opplyser Kongehuset. Haakon er Noregs nye konge.
– Det er med djup sorg vi kunngjer at Hans Majestet Kong Harald i dag gjekk bort. Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokka 6.35, opplyser Slottet.
Forverra i helga
Måndag 17. august opplyste kongehuset at kong Harald var innlagd på Rikshospitalet i Oslo etter ei legeundersøking. Han hadde fått kortisonbehandling for blodsjukdommen hemolytisk anemi. Dette førte til væskesamling i kroppen som måtte behandlast på sjukehus. Tilstanden forverra seg i helga, og han blei behandla med antibiotika for ein bakterieinfeksjon i blodet.
Torsdag morgon opplyste kongehuset at tilstanden var ytterlegare forverra og svært alvorleg.
Konge sidan 1991
Harald V blei konge av Noreg i 1991 då far hans kong Olav døydde. Han blei saman med dronning Sonja signa i Nidarosdomen 23. juni same år.
Kong Haralds son går no frå å vere kronprins Haakon til å bli Noregs nye konge. Han skal informere regjeringa om kva namn og valspråk han vil velje i gjerninga si. Dotter hans Ingrid Alexandra er den nye kronprinsessa. Også ho kan bli tildelt nytt namn no.