nyhende
Kontoret er stengt torsdag og fredag
Vestavind deltek med alle tre tilsette på workshop og konferanse, og kontoret i Sveiogata 72 er difor stengt torsdag 5. og fredag 6. november.
Denne veka kjem aviser i Landslaget for lokalaviser (LLA) frå heile landet til Flesland til den årlege Lokal & digital-konferansen. Dagleg leiar i Vestavind, Susanne Lie Vallestad, og redaktør Ellen Marie Hagevik skal mellom anna halda eit av foredraga.
Før konferansen startar, skal alle lokalavisene som er med i prosjektet «Liten, aleine og digital» ha ein fem timars workshop. Dette er eit samarbeidsprosjekt med 14 av dei minste lokalavisene i landet, og Vestavind er prosjektansvarleg.
Det blir med andre ord to svært travle dagar, og ein torsdag som varer frå morgon til sein kveld. Me vil difor ikkje kunna svara på telefon og e-post som vanleg, men vil halda eit auge med begge deler og svara når me har høve.