nyhende

Haust i ei gryte: Ei næringsrik suppe gjer underverk, når haustvinden bles og gradene søkk.

Kraft som får bein å gå på

Før i tida nytta ein heile dyret og kokte kraft, medan vi i dag kastar restane og tyr til lettvinte løysingar. No er den gamle mattradisjonen i ferd med å gå i gløymeboka, åtvarar ernæringsterapeut.

Publisert

– Å koke kraft er ein kunnskap som gradvis har forsvunne frå kjøkkenet vårt etter inntoget av buljongterningen og ferdigmaten. I tillegg bur mange i små leilegheiter, noko som gjer at dei har mindre plass og frysekapasitet, seier ernæringsterapeut og debutforfattar Siv Hauge til Nynorsk pressekontor (NPK).

Hauge legg til at nokre sjølvsagt kokar kraft framleis, men at det har vorte noko for spesielt interesserte:

– Berre det at ein må gå på kurs for å lære å putte bein i ein kjele, helle på vatn og koke det opp, viser kor mykje kunnskap som har gått tapt. Dette skjer trass i at stadig fleire no oppdagar kor viktig kraftkoking faktisk er.

Tre grunnar til å koke kraft

Med ei ny kokebok vonar kraftentusiasten å kunne inspirere fleire til å ta kokekunsten inn i varmen att.

Få reglar: Siv Hauge meiner det berre er fantasien som set grenser for kva ein kan bruke kraft til. Mellom anna tilrår ho å drikke krafta som ein god kopp med buljong. Foto: Mathilde Nicoline Bergersen / Frisk forlag

– Først og fremst er det viktig, fordi det er god ressursutnytting. Vi ærar dyret ved å bruke opp alt. I tillegg kjem det helsemessige aspektet. Kraft inneheld heilt andre næringsstoff enn reint kjøt. Det er alt på dyret som vi ikkje kan tyggje og ete. Når vi kokar bein og brusk over lang tid, vert det brote ned og næringsstoffa dregne ut i vatnet, forklarar ho og held fram:

– Sist, men ikkje minst, er det kulinariske. Vi treng kraft for å lage skikkeleg god mat. Alle kokkar med respekt for seg sjølv kokar si eiga kraft. Dei nyttar ikkje buljongterning, seier Hauge.

Grunnoppskrift på kraft finn du lenger ned i saka.

Ingenting gjekk til spille

I norrøn tid kalla ein tida frå første vinterdag 14. oktober til midten av november for «gòrmånaden», truleg etter ordet for innmat «gòr». Dette var rekna som den første vintermånaden.

– Vinterhalvåret var ein periode der ein ikkje kunne gå ut og hauste maten. Ein måtte førebu matlagera. I nyare tradisjon på 1800-talet og starten på 1900-talet slakta ein òg dyr for å få kjøt til jul. Slaktinga var særleg vanleg i bondesamfunnet i november, då ein kalv eller eit krøter vart slakta. I tillegg slapp ein å fôre dyret, fordi ein ikkje hadde all verda med fôr, fortel førsteamanuensis i kulturhistorie hjå Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Herleik Baklid, til Nynorsk pressekontor.

Krafttak mot matsvinn: Éin manns død er som kjend ein annan manns brød. Hausten er høgsesong for jakt og slakt, men restane av dyret hamnar ofte i bosset. Siv Hauge slår eit slag for å ta vare på beina til å koke kraft. Foto: Mathilde Nicoline Bergersen / Frisk forlag

Han peikar på at mangelen på ressursar gjorde at ein før måtte nytte alt ein hadde.

– Du kan få kjøpt syltelabbar i dag òg, og enkelte lagar rull framleis, men det er nok ikkje så utbreidd å bruke heile dyret. Ein vil helst ha reint kjøt. Vi har langt større tilgang på ressursar no enn tidlegare. Difor er vi heller ikkje like avhengige av å bruke heile dyret for å få mat som før, seier Baklid.

Gryta skal ikkje fosskoke

Hauge fortel at du kan gjere kraftkoking heilt enkelt, men at du òg kan fordjupe deg inn i æva om du vil.

– Enkelt forklart skyller du først beina, dekkjer dei med vatn og kokar opp. Det vil leggje seg eit skum på toppen, som du tek vekk. Dette er ureiningar, som til dømes blod. Dei er ikkje farlege, men dei gjer krafta litt grumsete, seier ho.

Ifølgje kokebokforfattaren skal gryta berre stå og putre.

Gryteklart: – Ein må berre ta nokre bein, putte dei i ein kjele, helle på vatn og koke opp. Ein kan skumme av litt undervegs, medan ein fyrst er på kjøkkenet likevel. Riktignok må ein passe på litt i ny og ne, men gryta skal berre stå og godgjere seg, fortel Siv Hauge.Foto: Mathilde Nicoline Bergersen / Frisk forlag

– Ho skal «puste ei boble om gongen», som eg plar å seie. I prinsippet kan det koke til det ikkje er noko att, men eg tilrår å la det trekke i minimum 8–24 timar. Det kan òg koke i opptil 48 timar, men helst ikkje lenger. Då vert smaken for mineralsk for min del, utdjupar ho.

Alt du treng er bein, vatn og tolmod

Hauge åtvarar samstundes mot å gjere kraftkoking unødvendig komplisert. Ho fortel at mange er usikre på kva dei skal ha oppi gryta, men viser at du eigentleg berre treng bein, vatn og tolmod.

– Vil du ha i grønsaker, tilset du dei den siste timen. Du mistar lett kontrollen på smaken, viss grønsakene er med heile vegen og kokar for lenge. Då vert det fort litt bittert, særleg om grønsakene har skalet på, presiserer ho.

Vilt god smak

Hauge kallar det ein myte at du berre kan bruke kyllingkraft til kyllingrettar, storfekraft til storferettar og viltkraft til vilt. Ho tilrår heller å variere mellom dei ulike dyreslaga.

– Du kan like gjerne bruke viltkraft til å lage ein saus til kylling. Viltkraft er sjølvsagt nydeleg i alt av supper og gryter med viltkjøt, men fungerer òg kjempegodt i ein pasta bolognese. Samstundes kan du drikke krafta som ein god kopp med buljong, seier ho og understrekar at det i røynda finst få reglar:

Ta det du har: – Ein kan heilt fint blande kylling, reinsdyr, elg, hjort og and, seier Siv Hauge. Ho meiner det viktigaste er å ta vare på beina og ikkje kaste dei.

– Kraft er heilt gratis. Du kan koke henne på ditt eige boss. Viss du har steikt ein heil kylling, tek du berre vare på beina og alt du skjer vekk, puttar det i frysaren og kokar ei gryte når du har nok. Du kan òg heilt fint blande kylling, reinsdyr, elg, hjort og and. Elles kan du ta det du har for hand, avsluttar Hauge.


Tips til kraftkoking i kvardagen

Mange trur kraftkoking tek heile dagen, men gryta passar seg sjølv. Siv Hauge har råd for travle kvardagar.

Slik gjer du det: Set gryta med bein og vatn på plata når du kjem heim frå jobb. Kok det opp medan du lagar middag. Før du legg deg om kvelden, set du heile gryta med lokk inn i steikeomnen på 85 grader over natta. Når du vaknar opp neste morgon, treng du berre å sile av krafta, kjøle ho ned og fryse ho i isbitformer av silikon.

Viss du heller vil gjere dette i helga, kokar du opp gryta med bein og vatn på fredag kveld. La henne stå i omnen til laurdag ettermiddag, sil av beina og reduser det heile kraftig ned til ein tjukk glacé. Ha til slutt krafta over på glas.

Smart oppbevaring: – Har ein dårleg plass, frys ein berre krafta i isbitformer av silikon. Eit anna triks er å koke ho ned til ein tjukk glacé og helle ho på glas, forklarar Siv Hauge.

Grunnoppskrift på kraft

Denne krafta er ein rein base. Smaken styrer du når du lagar mat med han. Då tilset du det retten treng.

Ingrediensar

  • 1,5–2 kg bein

  • Kaldt vatn, nok til å dekkje beina

  • 2–3 ms eplesidereddik, av omsyn til smaken (valfritt)

  • 2 laurbærblad (valfritt)

Framgangsmåte

  1. Skyl beina grundig under kaldt rennande vatn.

  2. Legg beina i ein stor kjele. Hell over kaldt vatn til det dekkjer med ein margin på eit par centimeter. Tilset eventuelt ein liten skvett eplesidereddik.

  3. Kok opp. Du vil etter kvart sjå at det legg seg eit gråkvitt skum på toppen. Det er kokinga som løyser ut skummet. Difor gjeld det å la det få eit ordentleg oppkok, og ikkje å varme opp varsamt.

  4. Skum grundig med ei stor skei eller ei holsleiv dei første 30–45 minutta. Alt det gråkvite skummet skal bort.

  5. Legg så i laurbærblada.

  6. Senk varmen, slik at det småputrar. Koketida avheng av beintype. Etterfyll med varmt vatn om nivået søkk under beina.

  7. Sil krafta gjennom eit finmaska dørslag. Kast beina.

No har du ein lys kraftbase, som du kan bruke til uendeleg mange rettar og kraftdrikkar.

Kjelde: Siv Hauge, "Kraft - den glemte supermaten&quot

Powered by Labrador CMS