nyhende
Kraftig auke i førarkortbeslag
Så langt i sommar har 1413 sjåførar mista førarkortet for råkøyring. Det er ein auke på nesten 14 prosent frå i fjor.
– Vi har hatt nokre kontrollar som har gitt kraftige utslag, seier distriktsleiar Geir Marthinsen i Utrykkingspolitiet (UP) Nord til NRK.
Berre i juni og juli i år har 1413 sjåførar mista lappen i Noreg. Det er ein auke på 14 prosent frå i fjor. Under ein kontroll i Evenes i Nordland søndag formiddag mista ti sjåførar førarkortet på kort tid.
– Det trur eg knapt at eg kan hugse at vi har hatt. Så det blir køyrt fort på vegane rundt forbi. I alle soner har vi avslørt doble hastigheiter. Det er nokon som tøyer strikken veldig langt, seier Marthinsen.
Ifølgje UP har det så langt i år vore ein urovekkjande stor auke i førarkortbeslag og meldingar. 2901 sjåførar har så langt mista lappen som følgje av råkøyring. Det er nesten 10 prosent fleire enn for same periode i fjor.
Auken av førarkortbeslag er størst i Oslo, Sør-Vest og Trøndelag politidistrikt, ifølgje UP.
– Det er eit stort aldersspenn i dei som blir stansa. Men fellesnemnaren er at det hovudsakleg er menn. Damene køyrer også for fort, men dei endar oftast opp med forenkla førelegg. Når vi snakkar om førarkortbeslag, er det stort sett menn, forklarer Marthinsen.
– Går det først gale i dei høge hastigheitene, så veit ein stort sett kva utfallet blir.