nyhende
Kristin tar over for Guro – igjen
Torsdag 2. juli hadde Guro Røher sin siste dag ved Sveio Frivilligsentral. 17. august tar Kristin Robberstad over som dagleg leiar.
– Eg har litt sommarfuglar i magen, men gler meg veldig. Eg har fått draumejobben, seier Robberstad.
Og legg til at det ikkje er første gong ho følger etter Guro:
– Då Guro slutta i Bråtveit barnehage, ringte styraren og spurte om eg ville overta. Denne gongen er det litt annleis sidan eg har søkt på jobben.
Då stillinga blei lyst ut, kom det 20 søknadar. Og mange av dei var gode søkarar.
– At valet landa på Kristin trur eg blir veldig bra. Ho er ei sprudlande dame med positiv energi, variert erfaring og har jobba mykje med frivilligheit, seier Røher.
Fann vegen tilbake
Ein av erfaringane til Robberstad er at ho fall ut av arbeidslivet ein periode, men har funne vegen tilbake.
– Det blei rett og slett for mykje på ein gong, og så var det stopp. Sjølv om kroppen hadde slått alarm lenge, skjønte eg ikkje at eg var sjuk før fastlegen tok ein alvorsprat med meg. Det er ofte skambelagt å vera ute av jobb over lengre tid. Det burde det ikkje vera, og eg har difor valt å vera open om det, seier Robberstad.
No jobbar ho hos Falck si avdeling Karmsund. Ikkje dei som driv med veghjelp og bergar bilar, men dei som driv med bedriftshelseteneser, arbeidsmarknadstiltak og karrierertenester.
Viktig å høyra til
– Eg stortvist i jobben som mellom anna går ut på å hjelpa personar tilbake til arbeidslivet. Vikariatet eg har kunne blitt fast jobb, men då stillinga som dagleg leiar i frivilligsentralen blei lyst ut, tenkte eg at dette er jobben eg vil ha, seier Robberstad.
Ho har jobba med ulike ting som butikk, blomster og pedagog, og er ei kreativ dame på mange felt. Lokalpolitikk har ho også vore innom, og ikkje minst har ho jobba mykje med dugnad og frivilligheit, og har eit stort kontaktnett som ho kjem til å bruka i den nye jobben.
– Eg har sett kor viktig det er for folk å høyra til uansett alder og kvar ein er i livet. Gjennom frivilligsentralen kan me få til ting som både er bra for målgruppene og dei frivillige. Samarbeid på ulike område er ein nøkkel, og eg ser fram til å bidra frå 17. august, seier Robberstad.
Starta i 2019 med Veiviserprosjektet
Når Vestavind snakkar med Røher har ho sin siste arbeidsdag og er i ferd med å rydda seg ut av kontoret. Ho starta i Sveio i 2019 med Veiviserprosjektet som var eit integreringsprosjekt. I 2022 blei ho dagleg leiar for frivilligsentralen, og for mange sveibuar er ho berre Guro.
– Det har vore ein veldig kjekk jobb der eg har fått jobba opp mot mange ulike målgrupper, frå barn og vaksne i ulike aldrar til flyktningar. Samarbeid med frivillige, kommunen og andre har vore positivt heile vegen, men det kom ei endring med korona. Etterpå blei det vanskelegare å folk til å stilla opp som frivillige, men me er også heldige som har unge frivillige som har vore med i mange år, seier Røher.
Frå drift til administrasjon
Ho held fram som tilsett i Kirkens Bymisjon. No som verksemdleiar for felleskap og meistring frå 3. august.
– No skal eg jobba med den einaste gruppa eg ikkje jobba med i Sveio, rus og psykisk helse. Eg skal ikkje vera i drift, men i administrasjon for ansvarsområdet Haugesund og Stord. Sveio, som ligg midt imellom er ikkje med, men det kan det kanskje bli ei endring på, seier Røher.