nyhende
Kvardagsluksus kostar deg dyrt
Småkjøp og usynlege vanar i kvardagen sluker tusenlappane utan at du merkar det.
– Det er vanlegvis ikkje større enkeltkjøp som utfordrar økonomien, men vanane vi ikkje orkar å endre, seier Elisabeth Landsverk, privatøkonom i SpareBank 1 Østlandet, i ei pressemelding.
Ho peikar på at mange av oss ikkje berre har éin «guilty pleasure», men fleire.
– Ein kaffi her, ein ny genser der og nokre energidrikkar i veka kan fort bli mange tusen kroner i løpet av eit år, seier Landsverk.
Tre av fem bruker meir pengar enn dei ønskjer på minst éin ting, ifølgje ei ny undersøking. Abonnement, godteri, mat på farten og snus er dei største pengeslukarane på lista. Privatøkonomen tilrår difor ein enkel gjennomgang av eigen økonomi.
– Vi må absolutt kunne unne oss noko, men bør vere medvitne om det. Vurder kva du bruker pengar på som verkeleg gir deg verdi. Kutt ned på vanane du tenkjer du kan klare deg utan, forklarar ho.
Landsverk framhevar særleg to konkrete grep ho nyttar sjølv:
– For at eg skal unngå å bruke for mykje, set eg av ein sum til til dømes kantinelunsj og opplevingar på dedikerte kontoar kvar månad. Når pengane er brukte opp, må eg vente til neste månad, seier ho.
I tillegg bruker Landsverk langsiktig sparing som ein motivasjonsfaktor.
– Sparer du 1500 kroner i månaden i aksjefond med 6,5 prosent estimert avkastning i 20 år, kan pengane vekse til heile 720.000 kroner. Det er motivasjon, det, avsluttar ho og minner samstundes om at historisk avkastning ikkje er nokon garanti for framtidig avkastning.