nyhende

Jenter som leker ute på barneskole og SFO. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Laurdag blir retten til gratis SFO utvida og styrkt

No har alle elevar 1. til 3. trinn alle rett til tolv timar gratis SFO i veka. I tillegg skal meir enn 4000 elevar på 4. trinn få same tilbod.

Publisert Sist oppdatert

Alle elevar i småskulen skal ha tilbod om skulefritidsordning (SFO) før og etter skuletid, men no blir rettane i lova for elevane på 1. – 4. årstrinn styrkte.

Før endringane 1. august hadde alle elevar frå 1. til 3. trinn rett til 12 timar gratis SFO, men med fleire atterhald. Det var førebels avgrensa til dei som allereie hadde SFO-plass, og føresette at kommunen hadde eit stort nok SFO-tilbod.

No har alle på desse tre årstrinna lovfesta rett til tolv timar i veka, og kommunane pliktar å ha eit stort nok tilbod.

Gratis = fleire blir med

SFO skal ifølgje følgje rammeplanen bidra til å dekkje barns behov for omsorg og tilsyn og gi rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik, rekreasjon og kvile. Når SFO gradvis har vorte gratis fleire stader og nasjonalt, har deltakinga skote i vêret.

Dette har fått politikarane til å gå for endå ei endring i tilbodet: Det er sett av 142 millionar kroner til eit tiltak som skal sikre gratis SFO for fjerdeklassingar i levekårsutsette område.

Totalt vil 4039 elevar på 4. trinn i 25 bydelar og 14 kommunar få gratis plass under ordning for statleg områdesatsing.

SV bidrog sterkt til å få dette inn i budsjettforhandlingane i fjor.

– Vi ser at altfor mange barn må gå heim når skuletimane er ferdige i fjerde trinn, fordi foreldra ikkje har råd til å betale for SFO, uttalte stortingsrepresentant Sunniva Holmås Eidsvoll i SV til NTB då endringane vart gjorde kjende.

Viktig sosial arena

Ifølgje Eidsvoll har tilgang til gratis SFO hatt størst effekt på deltakinga i område der det bur flest med låg inntekt og låg utdanning, og kor mange barn veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt.

Kunnskapsdepartementets liste over kva kommunar, bydelar og skular som får tilskot, viser at Oslo, Bergen og Fredrikstad får størst del.

– Det at vi no sikrar at SFO blir gratis i dei levekårsutsette områda, gjer at alle kan inkluderast. Det er bra for alle i dei områda, og så når vi dei som treng det mest, meiner Eidsvoll.

Ho påpeikar at dei som må gå heim, utan å kunne vere med på SFO, ofte endar opp med å sitje framfor ein skjerm.

– Då vil vi mykje heller at elevane skal få vere saman med vennene sine på skulen.

Powered by Labrador CMS