nyhende

Det løner seg å ha eit større utval av plaster, bandasjar og sterile kompressar på lager.

Legeforeininga: Ved krise må befolkninga ta seg av enkle medisinske ting sjølv

I ei krise kan det vere vanskeleg å komme gjennom på medisinske naudnummer. Difor bør kvar av oss både beherske grunnleggjande førstehjelp – og ha eit godt grunnapotek heime. Dette er medisinane og utstyret du bør ha i beredskapslageret.

Publisert

– Når kriser rammar, har helsevesenet meir enn nok med å hjelpe dei som verkeleg treng det. Skulle noko skje, ventar me difor at befolkninga tek seg av dei enklare tinga sjølv. Då er det viktig at folk flest kan litt om førstehjelp, seier Ståle Onsgård Sagabråten, som er spesialist i allmennmedisin og leiar fagstyret i Den norske legeforening.

– Om ei større hending skjer, skal i alle fall ikkje helsepersonell bruke tida si på å levere ut medisinar som folk sjølv kunne hatt på lager.

– Alle bør ha eit termometer

Eit godt heimeapotek bør alltid innehalde minst ei vekes forbruk av dei faste medisinane dine, i tillegg til reseptfrie legemiddel mot smerter og allergi, og utstyr for sårrens og bandasjering.

Du bør ha minst ei vekes forbruk av dei faste medisinane dine, i tillegg til reseptfrie legemiddel mot smerter og allergi, og utstyr for sårrens og bandasjering.

Sagabråten er særleg oppteken av at dei med barn har det mest naudsynte, i tilfelle høg feber og feberkramper.

– Alle bør ha eit termometer. Å vite kor høg feber nokon har, er ei viktig opplysning om du må ringe lege. Paracet i form av stikkpiller for born er også lurt. Då treng du ikkje ha piller for alle vektklassar, men kan skjera dei opp med ein skarp kniv.

– Hugs også at det er den butte enden på stikkpilla som skal inn først, og spissen til sist. Ei stikkpille er forma etter anatomien på lukkemuskelen, som ser ut som ei trakt, forklarar fastlegen.

Han minner også om at det å kle av born kan bidra til å senke kroppstemperaturen ved høg feber, på same måte som kalde omslag kan.


Budd på infarkt

Om ein person har svært sterke smerter eller høg feber, tilrår Sagabråten å supplere med såkalla NSAIDs; betennelsesdempande middel som Ibux eller ibumetin.

– NSAIDs kan forsterke effekten av Paracet. Saman tek medikamenta ganske sterke smerter, og særleg ved andre gongs inntak og framover. NSAIDs skal likevel ikkje nyttast ved kjent allergi eller astma.

Godt vaksne kan også gjere klokt i å ha Aspirin lett tilgjengeleg. Legemiddelet kan avgrense skaden ved hjarteinfarkt, fortel Sagabråten:

Alle husapotek bør ha smertestillande og febernedsetjande, og gjerne både Paracetamol og Ibux. Brukt saman tek dei sterkare smerter.

– Ein studie frå Italia har vist at om du tek Aspirin innan fem minutt etter at eit hjarteinfarkt oppstår, halverer du storleiken på infarktet. Men legemiddelet bør berre takast i samråd med helsepersonell.

Førstehjelp på jobb

Det framstår kanskje sjølvsagt, men overraskande mange av legane Sagabråten har spurt, fortel at fleire av pasientane deira ikkje har heilt vanlege medikament eller utstyr heime.

Truleg satsar fleire på at dei kan handle når dei treng det, utan å reflektere over kva som skjer om til dømes eit uver treff og straumen blir borte, slik at apoteka blir stengde eller går tomme for varer.

– Om ei større hending skjer, skal i alle fall ikkje helsepersonell bruke tida si på å levere ut medisinar som folk sjølv kunne hatt på lager, seier Ståle Onsgård Sagabråten.

Fastlegen meiner difor folk bør ta den medisinske eigenberedskapen på endå større alvor.

– Skulle noko skje, må me alle hjelpe kvarandre. Difor er det også lurt å ta eit førstehjelpskurs, eller friske opp det du allereie har, seier han, og peiker på at det finst både digitale og fysiske kurs, og at dei fleste er gratis.

Han oppmodar også arbeidsgjevarar til å arrangere kurs for sine tilsette.

– Det er få ting som er så sosialt som å trene saman på hjarte- og lungeredning og ta ein pizza etterpå. Eg veit også om fleire bedrifter som har førstehjelpskurs som ei oppvarming på sommarfesten, seier legespesialisten.

– Ein førstehjelps-kit er også ei fin gåve til sommaravslutninga eller jul.

Husapoteket alle bør ha

Reseptfrie legemiddel: Smertestillande og febernedsetjande (til dømes Paracetamol og Ibux). Den bedøvande hudsalva Xylocain mot insektstikk og brennesle, allergimedisin mot allergiske reaksjonar og kløe, og Aspirin for å bremse skaden ved hjarteinfarkt. Aspirin er et NSAID som også dempar smerte og feber.

Førstehjelpsutstyr: Termometer. Desinfeksjonsmiddel. Saltvatn, sårsalve, sterile dottar, plaster, kompressar, bandasjar og teip til sår. Branngele. Øyeskyll. Munn-til-munn-maske eller -duk. Pinsett til å fjerne flått og flis. Trekanttørkle til å stabilisere brot. Sikkerheitsnåler til å feste trekanttørkle og bandasjar.

Spesialutstyr: Medisinsk kol til akutte forgiftingar med til dømes medikament eller sopp, og ved diaré. Jodtablettar kan gi vern mot radioaktiv stråling, men skal berre takast ved beskjed frå styresmaktene.  

Kjelde: Ståle Onsgård Sagabråten og DSB








Powered by Labrador CMS