nyhende
Leiteaksjonen held fram, men i mindre omfang
I går ettermiddag og kveld var det ein stor leiteaksjon etter ein mann i 70-åra. Søket starta opp i dag tidleg, men ikkje i så stort omfang som i går.
– Søket er tatt ned, og det blir no leita i eit avgrensa område, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sør-Vest politidistrikt til Vestavind 09.30-tida.
Leiteaksjonen blei sett i verk torsdag med utgangspunkt i Krossleite, der mannen sist blei sett då han gjekk av ein buss på bussholdeplassen Krossleite sør sein ettermiddag 6. november.
Det blei lagt ned ein stor innsats av leitemannskapa torsdag ettermiddag og kveld. Då leitinga blei avslutta i 21.30-tida, hadde i tillegg til politiet 46 frivillige, to dronepilotar og sju-åtte hundeekvipasjar vore i sving i mange timar. Mykje av leiteaksjonen pågjekk i mørket og med til dels utfordrande forhold.