nyhende
Linn Therese Erve går til ny jobb i Eurojuris
Eurojuris Haugesund styrkar både næringsavdelinga og tilhøyrsle i Sunnhordland. Linn Therese Erve er tilsett som advokat, og dei opnar avdelingskontor på Stord.
Før Erve var Ap-ordførar i Sveio i perioden 2019-2023, hadde ho jobba vel ni år som advokat i Advokatfirmaet Responsa.
Etter ordførarperioden har Erve vore direktør for forretningsutvikling og samfunnskontakt ved Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre på Stord i 2,5 år.
– Det har vore ein veldig spennande, givande og lærerik jobb å få vera med på å påverka den grønne omstillinga i industrien, seier ho.
Avdelingskontor på Stord
No skal Erve altså tilbake til advokatyrket igjen, og jobben fekk ho gjennom nettverket sitt.
– Eg gler meg veldig til å begynna og få brukt erfaringane mine i næringsteamet til Eurojuris. Det nye avdelingskontoret på Stord blir hovudbase, men eg skal også jobba i Haugesund, fortel ho over telefon på ferie i Danmark.
Etter ferien skal ho tilbake til noverande jobb før ho startar i Eurojuris 1. september. Der skal ho særleg arbeida med nærings-og forvaltningsrett, og betena private bedrifter, offentlege verksemder og kommunar.
– Sjeldan breitt erfaringsgrunnlag
I ei pressemelding seier Thor Harald Eike at Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS gler seg stort til at Erve skal begynna. Tilsettinga inneber at advokatfirmaet styrker tilhøyrsla til Sunnhordlandsregionen, og frå september vil dei også etablera eit eget avdelingskontor på Stord.
– Linn Therese har med seg eit sjeldan breitt erfaringsgrunnlag, med lang praksis som advokat, politisk leiarerfaring som ordførar, engasjement gjennom ei rekke styreverv og seinaste ei leiande stilling i næringslivet. Ho kjenner offentleg forvaltning, kommunal sektor og privat næringsliv frå innsida, seier Eike.