nyhende
Lite grønt i norske matpakkar
9 av 10 norske barnehagebarn og skuleelevar har med grovt brød eller frukt og bær i matpakka. Men grønsakene er langt sjeldnare med, viser ei ny undersøking frå Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG).
Matpakka til norske barn er i hovudsak sunn, men det er rom for meir grønt. I barnehagen har 43 prosent med grønsaker, medan 78 prosent har med frukt eller bær. Blant skuleelevar er tala høvesvis 29 og 61 prosent.
Samtidig er det lite godteri og snacks i matboksane. Berre éin prosent av skuleelevane og ingen av barnehagebarna har med dette, ifølgje undersøkinga som Norstat gjennomførte på vegne av Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) i juni.
– Nokre skiver, agurk, paprika, sukkererter eller nokre cherrytomatar ved sida av brødskiva er nok til å løfta heile boksen, seier senior ernæringsrådgivar i OFG, Iselin Sagen.
41 prosent av foreldre med barn i skulen synest det er krevjande å variera matpakkane. Sagen anbefaler difor enkle grep, som å kutta grønsaker til matboksane samtidig som middagen blir laga.
– Ein fin tommelfingerregel er to av barnet sine eigne handfuller med frukt og grønt kvar dag i matboksen. Gjerne éi neve frukt eller bær, og éi neve grønsaker, seier Sagen.