nyhende
Luft frå Middelhavet på veg til Noreg – kan bli varmerekordar
Over heile landet er det varmare enn det som er vanleg på denne tida. Og temperaturen stig – neste veke kan vi få varmerekordar.
– Det er ein uvanleg situasjon med så høge temperaturar så seint på året, og vi går inn i oktober, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak ved Meteorologisk institutt til NTB.
Etter helga vil vi merka at det er eit høgtrykk aust for landet og eit lågtrykk som ligg rundt Island.
– Når vi er midt mellom dei to, får vi ganske kraftige luftstraumar frå sør og inn i Noreg. Det blir varm luft som kjem frå Middelhavet og områda der.
Rekordar i fare
Alle fylka i landet har varmerekordar for oktober på litt over 20 grader. Møre og Romsdal med Molde hadde den høgaste rekorden for oktober med 25,6 grader i 2005.
Det er mogleg at nokre rekordar kan ryka.
– Om vi får rekordar, vil komma an på kva som kjem av regn framover, og vindstyrken. Men at det blir over 20 grader fleire stader, er ganske sikkert, lovar meteorologen.
Moglegheita for temperaturar over 20 grader gjeld særleg Sør- og Midt-Noreg, men han ser heller ikkje vekk frå at det kan bli over 20 grader i Nord-Noreg.
Hjelp av fønvind
Allereie til helga blir det ganske fint fleire stader i landet.
På Austlandet og i Agder blir det fredag nokre skyer og ikkje særleg med regn. Laurdag blir det litt våtare, men godt over 15 grader.
– Søndag er det igjen opphaldsvêr heile dagen. Ikkje heilt skyfritt, men sol mange stader. Temperaturar opp mot 18 grader, seier meteorologen.
Vestlandet får skyer og litt regn i helga. Sjølv om det blir tørrare laurdag, kjem det nok nokre dropar somme stader. Søndag blir det fint opphaldsvêr i periodar.
– Samtidig blir det varmare og kanskje opp mot 18 grader, særleg nordover. Og i Møre og Romsdal kan dei få 20 grader med hjelp av litt fønvind, seier han.
Trøndelag får søndag sjanse for opphaldsvêr, kanskje litt sol og opp til 17 grader.
– Det er ganske høge temperaturar til å vera på slutten av september i Noreg.
Det blir opphald fredag, men laurdag kan det nok bli litt regn.
Bra for Nord-Noreg
I Nord-Noreg er det litt lågare temperaturar enn i sør, men til å vera på denne tida, er det ikkje kaldt.
Fredag er det opphald i heile landsdelen, men regnet trekkjer opp på kvelden. Laurdag legg regnet seg i Nordland, Troms og etter kvart Finnmark.
– Det blir ein litt gråare dag, seier Ratajczak.
Men søndag er det igjen litt opphaldsvêr. Bortsett frå på Lofoten, der det framleis blir regn.