nyhende
Luksusturismen veks på Vestlandet
Stadig fleire utanlandske turistar er villige til å bla opp titusenvis av kroner for ro, natur og personleg service på Vestlandet. Hotella meiner interessa for luksusopplevingar er veksande.
Suitar til over 30.000 kroner natta og hotellrom langt over vanlege prisnivå er ikkje lenger uvanleg på Vestlandet. Hotellaktørar meiner etterspurnaden etter eksklusive opplevingar aldri har vore større.
Ludvig Håndlykken Strøm er dagleg leiar ved luksusreiseselskapet 62 Nord. Selskapet på Sunnmøre driftar mellom anna Hotel Union Øye og Storfjord Hotel, og har satsa på kapitalsterke turistar i fleire år.
– Vi har aldri sett nedgang i belegget, sjølv om prisane har auka år for år, seier Strøm til Nynorsk pressekontor.
Vil møte lokalsamfunnet
Han meiner skilnaden mellom eit vanleg hotell og eit luksushotell handlar om meir enn standarden på møblar.
– Eit vanleg hotell sel ein funksjon – ein stad å sove. Eit luksushotell sel ei kjensle og ei totaloppleving.
Han deler opplevinga inn i «hardware» og «software». Hardware handlar om sjølve hotellet: større rom, design, peis, gode fellesareal og små detaljar som løftar opplevinga.
– Men software er minst like viktig. Det handlar om menneska og korleis gjestane blir tekne imot og følgde opp.
På Storfjord Hotel i Skodje får gjestane mellom anna velkomstdrink, varm klut og personleg omvising ved innsjekking.
– Vi ønskjer at folk skal kjenne seg sett og ivaretatt frå første stund.
Ifølgje Strøm er dagens luksusreisande opptekne av autentiske opplevingar.
– Dei vil ha lokal mat, historie og møte folk frå lokalsamfunnet. Samtidig ønskjer mange å kome bort frå masseturismen.
Han meiner dette er ein viktig grunn til at interessa for Noreg aukar.
– På mange populære reisemål er det fullt av folk. På Sunnmøre finn du framleis ro, natur og plass.
Noreg er attraktiv
I høgsesongen kjem dei fleste gjestane frå utlandet, særleg USA og Storbritannia.
På Storfjord Hotel ligg gjennomsnittsprisen om sommaren på over 10.000 kroner natta, inkludert avgifter. Suitane kan koste over 30.000 kroner for ei natt. Likevel er hotellet nesten fullt.
Samtidig understrekar Strøm at dei ikkje ønskjer å distansere seg frå lokalsamfunnet.
– Vi er avhengige av heilårsbelegg og arbeider jamt med tilpassingar utanfor sesong for å tiltrekkje oss den lokale marknaden og leggje til rette for gode opplevingar til ein handterleg pris. Og vi samarbeider tett med lokale guidar, gardar og aktivitetstilbydarar.
Han meiner fleire internasjonale trendar no gjer Noreg ekstra attraktivt.
– Folk brukar meir pengar på opplevingar enn før, og stadig fleire søkjer mot kjøligare, rolege reisemål med urørt natur.
Sjølv om marknaden veks, meiner Strøm det er krevjande å etablere seg.
– Det tek tid å byggje tillit og relasjonar internasjonalt. Mange gjestar kjem gjennom agentar og rådgivarar som må kjenne produktet godt før dei tilrår det vidare.
Han trur likevel fleire vil satse på luksussegmentet i Noreg framover.
– Potensialet er stort, og interessa for Noreg kjem til å halde fram med å vekse.
Luksus ved Sognefjorden
Kviknes Hotel i Balestrand har innreidd tre nye einingar – mellom anna ein suite og eit de luxe dobbeltrom – som skal rette seg mot det hotellet omtalar som «high value travelers».
Den største suiten er på om lag 75 kvadratmeter og har både balkong og eiga etestove.
– Det blir spennande å sjå erfaringane vi får med dette tilbodet. Vi veit at det finst ein marknad for denne typen opplevingar, sjølv om det ikkje nødvendigvis er noko vi reknar med å selje kvar dag, seier hotellsjef Sigurd Kvikne til Nynorsk pressekontor.
Han ønskjer ikkje å seie noko konkret om prisnivået enno, men opplyser at romma vil liggje godt over 10.000 kroner per natt.
Under festivalen Balejazz tidlegare i år hadde hotellet visning av den største suiten, og interessa var stor. Mellom anna vart suiten bestilt for to netter under neste års arrangement.
Ifølgje Kvikne er det ikkje ekstreme aktivitetar som trekkjer gjestane til Balestrand.
– Det handlar om naturopplevingar, mat og vin, fjellturar, opplevingar på fjorden, historie- og kulturformidling – eit breitt spekter av det ein kan kalle «soft adventure». Det er ikkje fjellklatring og paragliding, men meir stille og ro, og å nyte omgjevnadene, seier han.
Fred og ro
Balestrand har, ifølgje han, ein særleg styrke som reisemål fordi bygda har profilert seg som ein cruisefri destinasjon.
– Vi har inntrykk av at individuelle gjestar set pris på fred og ro. Mange av dei ønskjer også å vere litt inkognito, seier hotellsjefen.
Kvikne legg ikkje skjul på at klimaet har verka positivt inn dei siste åra.
– For mange utanlandske gjestar er det fascinerande når det er 12 grader, og litt regn og sol innimellom. Dei likar den friske og kjølige lufta, seier han.
Vekst i luksusgjestar til Noreg
– Vi har opplevd vekst i denne marknaden kvart år dei siste åra. Særleg har den autentiske high-end-marknaden (kapitalsterke turistar, red.merk.) auka etter pandemien, seier Nils Henrik Geitle, administrerande direktør ved hotell- og restaurantkjeda De Historiske.
Han peikar på at velståande reisande framleis ønskjer å oppleve verda, men at Noreg skil seg ut.
– Noreg er spesielt med den urørte naturen, samtidig som kvaliteten på hotella stadig blir betre. Det handlar om skreddarsaum og personlege opplevingar.
Ifølgje Geitle etterspør gjestane eksklusive og tilrettelagde opplevingar:
– Nokre blir henta på flyplassen, får personleg guide eller reiser vidare med helikopter eller privatfly. Det finst ulike nivå i denne marknaden, men felles for denne typen turistar er at dei ofte legg igjen store verdiar lokalt der dei kjem.
Rike frå Midtausten kjem ikkje
Sjølv om utviklinga over tid har vore positiv, merkar hotellkjeda no ei tydeleg endring.
– I år er delar av marknaden nærast borte. Særleg gjeld det gjestar frå Midtausten, seier Geitle.
Han meiner konflikten mellom USA og Iran har påverka reiseviljen.
– Mange hotell opplever at bestillingane frå kapitalsterke i Midtausten har tørka inn sidan mars. For fleire hotell utgjorde denne marknaden ein betydeleg aukande del dei siste åra.
De Historiske har derimot over tid bygd opp eit sterkt fotfeste i USA.
– Vi har satsa mykje på den amerikanske marknaden og samarbeider med agentar i USA som sender gjestar til oss.
Nils Henrik Geitle fortel at fleire hotell tidvis blir bestilt eksklusivt av éin familie eller ei mindre reisegruppe.
– I fjor hadde seks–sju hotell såkalla «buyout», der gjestane disponerte heile hotellet for seg sjølve.
Auka uro internasjonalt gjer også at fleire ser på Noreg som eit trygt alternativ.
– Det er litt som under pandemien. Noreg blir oppfatta som eit trygt val.
Målet for De Historiske er å kombinere eksklusive gjestar i høgsesongen med sterk lokal forankring resten av året.
– Dei fleste hotella våre greier begge delar. I høgsesongen får dei inn gjestar som betalar mykje, medan dei resten av året skapar lokale arrangement og møteplassar.