nyhende
Måndag får denne vegen ny asfalt
Fv. 47 Tittelsnesvegen er allereie frest. Førstkomande måndag startar asfalteringsarbeidet.
Før sommaren skreiv Vestavind at arbeidet med å leggja ny asfalt på strekninga frå fylkesgrensa til Tveit ikkje ville starta før i haust. No er den gamle asfalten fjerna. Alt neste veke vil bilistane merka skilnad.
– Arbeidet startar måndag kveld neste veke og vil halda fram i om lag ei veke, seier byggeleiar i Vestland fylkeskommune, Tore Pedersen, til Vestavind.
Mykje trafikk
Vegstrekninga frå fylkesgrensa til Tveit er tidvis sterkt trafikkert. Strekninga har ei rekna årsdøgntrafikk på mellom 5.000 og 6.400 køyretøy. Det er mellom anna høgare enn på delar av E39. Byggeleiar for vedlikehald og beredskap i Vestland fylkeskommune, Morten Stokken, meiner det er på høg tid at strekninga får nytt dekke.
– Tilstanden på vegen er såpass dårleg at han må prioriterast no. Hjulspor som samlar vatn og høg fart på strekninga er også ein del av vurderinga, seier han.
Leiebil
Arbeidet med den 5,6 kilometer lange strekninga vil også merkast for dei som ferdast på vegen.
– Frå klokka 20 om kvelden til klokka 05.30 om morgonen vil det vera leiebil. Farten blir sett ned til 50 km/t. Det kan også bli lysregulering på dagtid, seier byggeleiar Pedersen.
Vegarbeidet vil gå føre seg på kvardagane og halda fram heile neste veke.
– Det kan bli nokre forseinkingar, men me tek sikte på å bli ferdige i løpet av veka.