nyhende
Mange kan få influensa til jul
Influensasmitten blant nordmenn aukar, noko som kan gjera at smittetoppen kjem tidlegare enn vanleg. Derfor kan mange få ei snørrete gåve til jul, i staden for på nyåret.
– Me reknar det som ganske sannsynleg med den vekentlege auken i positive testar, seier overlege Ingvild Fjeldheim ved Folkehelseinstituttet (FHI) til TV 2.
Vanlegvis treffer viruset hardast anten rett over nyttår eller tett opp mot vinterferien. I fjor toppa smitten seg òg i jula.
Høgare nivå enn vanleg
Influensasmitten ligg på eit litt høgare nivå no enn han pleier, ifølgje Fjeldheim. Førre veke var andelen med påvist influensavirus på 7 prosent. Veka før, altså veke 45, låg smittetalet på 6 prosent.
– Den siste veka var førekomsten høgast i aldersgruppa 1 til 4 år, der 10 prosent av dei testa fekk påvist influensavirus, seier Fjeldheim til kanalen.
Flest i nord og aust
Det er fylka Troms, Finnmark og Østfold som har høgast smitte til no.
FHI melder at viruset smittar ved drope-, luft- eller kontaktsmitte og kan smitta ved låg smittedose.
– Det betyr at alle samlingar med mykje folk innandørs vil vera gunstige for smittespreiing, seier Fjeldheim til kanalen.