nyhende

Fleire lærarutdanningar slit med å fylle studieplassane.

Mange lærar­utdanningar slit med å fylle plassane

Av dei 23 studiestadane landet rundt som tilbyr lærarutdanningar, har 16 tomme plassar.

Publisert

Det skriv Khrono.

Dei har henta inn tal frå Database for statistikk for høgare utdanning (DBH/Hk-dir) og Samordna opptak, og kartlagt kor mange nye studentar som i haust møtte opp på dei ulike studiestadene der ein tilbyr grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10.

Tala viser stor variasjon mellom ulike universitet og høgskular og ikkje minst dei ulike studiestadene deira. Nokre, som OsloMet og Høgskulen på Vestlandet ved studiestad Bergen, klarer å fylle opp studieplassane sine og vel så det, medan mange andre har færre frammøtte studentar enn dei hadde planlagt.

Av dei 23 studiestadene som tilbyr trinn 1–7 eller trinn 1–10, er det sju som har meir enn fylt opp studieplassane sine, medan 16 har tomme plassar.

Verst står det til for trinn 1–7 i Kautokeino, Stord og Sogndal, der over 50 prosent av studieplassane ikkje er fylte opp.

Powered by Labrador CMS