nyhende
Mange unge veit ikkje om dei er forsikra
Éin av tre mellom 18 og 29 år veit ikkje om dei har innbuforsikring. Samtidig aukar skademeldingane på typisk studentutstyr ved studiestart.
Tusenvis av studentar flyttar heimafrå og inn i kollektiv i desse dagar. Tidlegare undersøkingar gjennomførte for Tryg Forsikring viser at éin av tre unge mellom 18 og 29 år anten ikkje har innbuforsikring eller ikkje veit om dei har det.
– Mange studentar trur dei må teikna eiga innbuforsikring med ein gong dei flyttar til studiestaden, men dei kan vera dekte gjennom foreldra si forsikring, seier kommunikasjonsrådgivar Espen Borge i Tryg i ei pressemelding.
Ifølgje Tryg auka skadesaker knytte til mellom anna trådlause høgtalarar, nettbrett, datautstyr og berbare PC-ar med nesten 40 prosent i august i fjor samanlikna med ein vanleg månad.
– Det er fort gjort å leggja frå seg PC-en, nettbrettet eller høgtalaren på feil stad når det er mykje som skjer. Vi anbefaler å rydda vekk verdisakene før heile faddergruppa kjem på besøk, seier Borge.
Tryg oppfordrar studentar i kollektiv til å sjekka kva forsikringa deira faktisk dekkjer, og til å oppbevara verdifulle gjenstandar på eige rom når det er fest og større samankomstar.