nyhende

Mange bileigarar har utsett reparasjonar eller service på grunn av økonomien.

Mange utset service eller reparasjonar på bilen av økonomiske grunnar

31 prosent av nordmenn med tilgang til bil har utsett service eller reparasjonar det siste året på grunn av pengemangel.

Publisert

Dette kjem fram i ei undersøking gjort av MEKO Norway, eit selskap som blant anna driv innan bilverkstader og anna bilrelatert verksemd. I same undersøkinga går det fram at 85 prosent meiner det er viktig å vedlikehalde bilen for å forlengje levetida.

13 prosent svarar at dei har utsett service eller reparasjonar av økonomiske årsaker fleire gonger det siste året, medan 18 prosent har gjort det ein gong.

- Det er forståeleg at bileigarar må prioritere når økonomien er stram. Men det er viktig å skilje mellom vedlikehald som kan planleggjast litt fram i tid, og feil eller slitasje som kan påverke trafikktryggleiken eller utvikle seg til større og dyrare reparasjonar. Derfor er det viktig å få ei vurdering av fagfolk på kva som faktisk hastar, seier landdirektør Geir Hoff i MEKO Norway i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS