nyhende

Jon Fosse på Fosseforedrag i Dronning Sonja i år kunststall.

Mange vil lage Jon Fosse-senter

182 arkitektforslag kom inn til konkurransen om det som skal bli eit nasjonalt senter vigd livet og forfattarskapen til Jon Fosse.

Publisert

– Eg er ikkje overraska over at det kom inn så mange forslag til Fossehuset, seier juryleiar Valgerd Svarstad Haugland.

Ho meiner den store interessa viser kor brei anerkjenning Jon Fosse og forfattarskapen hans har, både nasjonalt og internasjonalt.

Arkitektkonkurransen var open, og no som innleveringsfasen er avslutta, blir det meldt om «mange og varierte forslag».

– Det blir ein utfordrande, men spennande oppgåve å velje ut berre tre finalistforslag frå dette omfattande materialet, seier Torgeir Næss, som er jurymedlem og ordførar i Strandebarm – der forfattaren voks opp og Fossehuset skal liggje.

Den endelege vinnaren blir offentleggjord i desember.

Bak Fossehus-planane står Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftinga. Sistnemnde har sikra totalt 85 millionar kroner i støtte frå Trond Mohn, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og Hardangerstiftinga, og ein har også søkt om statleg støtte.

Ein ser for seg eit nasjonalt senter til den Nobelprisvinnande forfattaren, som skal vere «ein levande møtestad for litteratur, scenekunst og formidling».

18. september er det noregspremiere på «Kjærast», der Erik Poppe i samarbeid med Jon Fosse sjølv har teke for seg hans første og einaste filmmanus. Den er også opningsfilm under Den norske filmfestivalen i Haugesund 23. august.

«Kjærast», som er den første Jon Fosse-filmatiseringa, er spelt inn i Vestlandsnaturen. Her er filmskapar Erik Poppe med skodespelarane Leo Magnus de la Nuez og Kristi-Helene Engeberg.
Powered by Labrador CMS