nyhende

Korleis fyller du kakeboksane til jul?

Me er på jakt etter tips om julebakst

Er du ein av dei som bakar sju sortar til jul? Eller er med i ein gjeng som bakar julekaker i lag?

Publisert

Me vil gjerne ha tips om folk i alle aldrar som likar å baka til jul. Enten det er bestemor som lærer vekk bakekunst til barnebarn, vennergjengar som bakar saman, velforeningar eller bygdelag som har felles bakedag, og dei som MÅ ha sju sortar uansett. 

Eller kanskje er du ein av dei som ikkje likar eller har tid tid til å baka julekaker og heller kjøper alt?

Uansett: send oss ein e-post, enten det gjeld deg eller andre, til tips@vestavind.no.

Legg ved info om kven tipset gjeld, gjerne med telefonnummer, og kva bakeaktiviteten går ut på.

Powered by Labrador CMS