nyhende
– Me håper å få inn 10.000 kroner
«Ride for Hope» har dei kalla prosjektet. Eller syklar for håp på nynorsk. Målet er å samla inn pengar til Barnekreftforeningen på sykkelturen Sveio rundt fredag 12. juni.
10. klassingane ved Sveio skule har elevbedrift på timeplanen, og gjengen som skal sykla Sveio rundt ville gjera noko annleis og samstundes bidra til at innsatsen deira også kjem andre barn og unge til nytte og glede. Difor fall valet på Barnekreftforeningen, som får 50 prosent av det som blir samla inn.
Sveio rundt på 5,5 time
Først var planen at dei skulle sykla til Skudeneshavn, men etter ei revurdering blei det Sveio rundt. Løypa dei har lagt opp held seg mest mogeleg til gang- og sykkelvegar med start og mål ved Sveio skule.
Løypa går frå skulen til Vågakaien, Førde, Rød, Auklandshamn, Gullvegen, Vågedalen og Tittelsnesvegen siste delen. Til saman 62 kilometer.
– Kor lang tid reknar de med at turen tek?
– Me startar klokka 09.00 frå skulen og reknar med å vera tilbake etter 5,5 time, seier Patrick Bjørge Grutle, som er dagleg leiar for elevbedriften.
Følgebil på to hjul
Fire av dei skal sykla, og her er det vanleg sykkel som gjeld, ikkje elsykkel. Dei to andre er «følgebil» med lett motorsykkel.
– Me skal ha med det som trengs på turen av forskjellige ting. Til dømes lappesaker om nokon skulle punktera. Og så har me lagt inn faste stopp for for å sjekka at dei som syklar er i live, seier Thorbjørn Våge Rullestad, som skal køyra lettmotorsykkelen.
På t-skjortene til dei som syklar er Vipps-nummeret til innsamlinga stort og tydeleg. Det håper dei mange vil bruka.
– Du må få med at det er Flydal Service og Profiler som har designa og sponsa t-skjortene våre, skyt Jonas Larsen Fornes inn.
Håper på 10.000 kroner
– Kva er målet for innsamlinga?
– Me håper å få inn i alle fall 10.000 kroner. Ein kan bidra allereie no. Eg har lagt ut informasjon på Facebook-sida mi, pluss telefonnummer slik at dei som vil ha meir informasjon kan ringa meg. Dette blir også delt på dei andre fem sine Facebook-sider, seier Thorbjørn.
– Blir det heiagjengar rundt løypa slik som i Tour de France?
– Eg veit i alle fall om ein. Dei kjem til å stå i Vågedalen, fortel Thorbjørn.
Turen vil bli dokumentert med både bilde og video, og Vestavind sine lesarar kjem til å få ei oppdatering både på korleis turen gjekk og kort mykje pengar som kom inn.