Skyttarfamilie. Einar Vorland, Lise Marie Noven og Kirsten Vorland saman med Thea (9) og Brage (11) Vorland.Foto: Irene Mæland Haraldsen, Grannar
Med blinken i siktet
I fire dagar har skyttarar i alle aldrar retta geværet mot skyteskiva i innandørsbanen på Fikse i håp om å treffa blink. For 9 år gamle Thea Vorland blei det nesten full klaff.
Ho har tatt turen frå Haugesund til skytebanen på Fiske for delta på stemnet Fikse miniatyren saman med broren Brage (11), mor Lise Marie Noven og besteforeldra Kirsten (76) og Einar (79) Vorland frå Bømlo. Den skyteglade familien stiller opp på det meste av konkurransar i distriktet og stemnet på Fikse er ikkje noko unntak.
Sjå resultatliste i faktaboksen
— Eg starta på skyting igjen i haust etter rundt 12 års pause. Det er kjekt å reisa saman med familien og ha ein aktivitet i lag, seier ho.
Bestefar Einar har vore aktiv skyttar i snart 60 år og har deltatt på 44 landsskyttarstemne.
Annonse
— Eg var med og stifta skyttarlaget på Bømlo i 1969. Nå reiser me på det som er av stemne i distriktet, seier han og vedgår at kona Kirsten nok er den beste skyttaren av dei to.
— Kirsten slår meg. Eg hadde fantastiske prøveskot i dag, men det gjekk ikkje så bra når det gjaldt. Eg tapte tre poeng og det er tre for mykje, seier 79-åringen og smiler.
Eldste deltakar
Skyting er sport som engasjerer både unge og eldre. Ein av dei eldste som stilte til konkurranse på Fikse var 87 år gamle Olav Bjelland frå Haugesund. Han har hatt skyting som hobby sidan 1962 og vil halda på så lenge helsa held.
Annonse
— Eg er nesten kvart år på stemne her. I dag er eg den eldste i laget. Berre det å få lov til å koma ut og skyta i min alder er fint. Eg dreg på stemne kvar helg og trenar to gonger i veka, seier Bjelland.
Ein dårleg rygg har ført til at han må skyta sitjande under dagens konkurranse. Det har ikkje gitt eit resultatet han hadde håpa på.
— Eg er ikkje nøgd med dagens resultat. Men nå skal eg til Sandeid, seier han og gjer seg klar til neste skyteøkt på innandørsbanen til Vindafjord Skyttarlag.
Fikse Skyttarlag
Annonse
Skyttarstemnet på Fikse blir arrangert samstundes med Vindafjord Skyttarlag sitt stemne på Sandeid, og dei fleste som deltek på Fike Miniatyren deltek på nabolaget sitt stemne.
— Me prøver å få til konkurransar på same tid. Det kjem fleire deltakarar dersom ein kan kombinera dei to konkurransane, seier Kenneth Dahlberg i Fikse Skyttarlag.
Til saman 116 skyttarar i alderen 10 til 90 år frå Haugalandet, Vindafjord, Etne, Skånevik Skyttarlag, Kvinnherad, Haugesund, Karmøy, Stord, Sauda og Hardanger fann vegen til skytebanen på Fikse under stemnet som gjekk over fire dagar. Fikse Miniatyren blir arrangert to gonger i året. Ein vinterstid og ein etter sommaren.
— Og til våren skal me ha Hordameisterskap i feltskyting utandørs og i mai arrangerer me barneskyting ute, seier Dahlberg.
Annonse
Fikse skyttarlag, som for eitt år sidan blei slått saman av Etne og Ølen skyttarlag, har i dag 420 medlemmer inkludert jegerar. Mange av dei aktive medlemmene reiser på ulike konkurransar i området Bergen til Stavanger og ein gong i året ber det av garde til Landsskyttarstemnet.
— I februar dreg me til Stjørdal på innandørsskyting på Landsskyttarstemnet og i august skal me til Landsskyttarstemnet på Kongsberg, seier han.
Rekruttering
Under koronapandemien blei det utfordrande å hanka inn nye medlemmer og ennå slit laget litt med å få tak i dei unge.
Annonse
— Rekrutteringa dabba av etter korona. Nå skal me starta ein skyteskule for ungdommar i februar. Vaksne er også velkomne og alle får låna våpen, seier Dahlberg og håpar tilbodet vil lokka fleire unge til sporten.
Skytebanen er open for trening året rundt og vaksne medlemmer kan bruka banen når det passar dei best.
— Me har ungdomstrening ein gong i veka, men elles kan folk trena når dei vil. Me har ikkje organisert vaksentrening, seier han.
Investering
Annonse
Det har blitt gjort betydelege investeringar på skytebanen på Fikse dei siste åra. Ny 200-meter utandørs bane er komen på plass, inngangspartiet til klubbhuset har fått nytt overbygg og uteområdet er asfaltert.
— 200-meter utbygginga koste rundt tre millionar kroner, seier Dahlberg.
Nå står ei ny oppgradering for tur.
— Me skal byta dei 8 skivene på 15-meteren. Det er neste investering og vil kosta rundt 800.000. Og så har me eit ønskje om ny 100-meter, seier han.
Annonse
Ettersyn av anlegget blir for det meste gjort på dugnad, og når laget inviterer til konkurranse stiller medlemmene villig opp for å ta i eit tak.