nyhende

Sidan 2022 har det komme mange ukrainarar til Noreg. I dag er det rundt 85.000 ukrainarar busette i norske kommunar.

Meiner ny sær­ordning diskriminerer sårbare inn­vandrarar

Regjeringa har foreslått ei særordning som kan sikre ukrainarar med fast jobb og trygg inntekt varig opphald i Noreg. – Diskriminerande og problematisk, meiner forskarar.

Publisert

– Det er ikkje slik at vi kan gi moglegheiter til nokre utvalde, og så seie til dei andre at dei må reise heim igjen. Eg trur ikkje vi skal late som at dei som ikkje klarer seg sjølve reiser heim på oppfordring - dei hamnar veldig ofte på Nav. Difor er det viktig at vi tenkjer langsiktige strategiar. Effekten av det vi gjer no vil vi sjå om ti til femten år, sa migrasjonsforskar Guri Tyldum i Fafo - Institutt for arbeidslivs- og velferdsforsking, under eit seminar tysdag.

Seminaret blei arrangert i lys av at Arbeiderparti-regjeringa i september sendte ut på høyring eit forslag til ei ny særordning. Der foreslår dei at ukrainarar med mellombels kollektivt vern, som er i jobb i Noreg, kan søkje om permanent opphald på grunnlag av arbeid. Kravet er at dei tener nok til å ta vare på seg sjølve og familien sin, og at dei allereie var i Noreg då forslaget blei sendt på høyring.

I framlegget går det fram at søkjaren årleg må tene minst 2,8 eller 3G, som utgjer høvesvis 382.337 og 409.647 kroner.

For høgt tal

I skrivande stund har det komme inn 496 høyringssvar på framlegget. Fleire av dei peikar på at inntektsgrensa regjeringa har sett er for høg.

– Vi er i utgangspunktet positive til ordninga, men vi meiner det er ein del som må endrast. Det viktigaste er inntektsnivået som er lagt til grunn. Det bør vere på same nivå som det andre innvandrargrupper treng for å søkje om permanent opphaldsløyve - cirka 350.000, sa Ingeborg Sandvik frå Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas) under seminaret.

Då dei første ukrainarane kom til Noreg i 2022 var det fleire barn blant flyktningane. I dag utgjer 44 prosent av dei ukrainske flyktningane i Noreg familiar med barn. 2 prosent er einslege mindreårige. Fafo fryktar at barna blir sett til side med den nye ordninga regjeringa foreslår.

Også forskarane i Fafo meiner økonomien i framlegget er problematisk.

– Det virkar som at det berre handlar om inntekt, og ikkje kva behov ein faktisk har for vern, sa Fafo-forskar Ragna Lillevik.

Utilsikta konsekvensar

Forsking viser at innvandrarar som går gjennom ei form for fagopplæring eller utdanning har større sjanse for å komme i fast jobb i Noreg enn dei ufaglærte. Guri Tyldum er redd for at framlegget frå regjeringa skal få utilsikta konsekvensar for ukrainarar som allereie er i gang med opplæring.

– Eg er veldig bekymra. Eg har snakka med ukrainar som no lurer på om det er irrelevant med fagkompetanse. Eg er redd for at fleire vil slutte i opplæringsløpa sine og heller ta fire vaskejobbar for å nå inntektsgrensa, sa Tyldum.

Vil ha folk i jobb

Statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Edvin Søvik, forsvarte forslaget til regjeringa.

– Ukrainarane har blitt ein del av samfunnet. Stadig fleire lærer norsk og etablerer seg i arbeidslivet. Sysselsettinga har stige betydeleg Av dei som kom i 2022 er heile 70 prosent i jobb. Vi trur på den nye særordninga, fordi vi trur det er bra for flest mogleg å vere i jobb, sa han.

Han utelukkar derimot ikkje at det kan kome endringar med tanke på inntektsgrensa.

– Det vil alltid vere ein diskusjon om kvar den grensa skal liggje, og vi har fått inn mange høyringsforslag om ho. Dei skal vi gå gjennom før vi sender eit endeleg forslag til Stortinget, sa Søvik.

Powered by Labrador CMS