nyhende
Mildvêr og regn på veg vestfrå
Etter kalde og solrike dagar går Sveio og Vestlandet inn i ei våtare helg med stigande temperaturar.
Nord-Noreg har hatt det varmare enn i sør ei stund. Men no kjem kulden i løpet av helga.
– Her får vi snart kjenne kulden. Det gjeld særleg i indre strøk, på Finnmarksvidda og i Kirkenes. Her fell temperaturane til minus 15 grader. Det gjeld til dømes på stader som Bardufoss, seier meteorolog Charalampos Sarchosidis i Meteorologisk institutt.
Rekord for soltimar
Sjølv om mange har fått kjent på kulden i Sør-Noreg dei siste dagane, har det samtidig vore eit praktfullt solvêr.
– Bergen har aldri hatt så mange soltimar i november som vi har hatt i år. Det same gjeld også for Oslo og Kristiansand, fortel meteorologen.
Soltimar blir målt med eit instrument som måler sola ved dei største byane. Dersom det er overskya, så måler ho ingenting.
– Det milde vêret som kjem no i løpet av helga, kjem vestfrå. Samtidig vil det blåse opp på Vestlandet, seier han.
På Austlandet og i indre Agder kjem det noko spreidd snø fredagen og laurdag.
– Men på søndag skjer den større temperaturendringa. Då kjem dei milde luftmassane seg over fjella.
Samtidig må ein vente regn eller sludd.
Roleg helg i midten
Midt-Noreg med Møre og Romsdal og Trøndelag har også ei roleg helg i vente.
– Det blir sakte stigande temperaturar her òg. Det blir regn i Møre og Romsdal, medan Trøndelag slepp stort sett unna. Her kjem regnet først neste veke, seier meteorologen.
Neste veke blir det i Sør-Noreg hovudsakleg plussgrader, og nedbøren kjem som regn. Det gjeld både i aust og vest.
– Særleg Vestlandet må vere førebudd på ein del nedbør. Her må paraplyen fram igjen.
Midt-Noreg får også endå litt mildare temperaturar og truleg nedbør.
– Nord-Noreg må førebu seg på temperatursvingingar og nedbøren vil variere mellom snø, sludd og regn, blir det varsla frå Meteorologisk institutt.