nyhende
Minneord – Harald Straume
Det var med vemod me mottok meldinga om at tidlegare ordførar i Sveio, Harald Straume, er gått bort, 97 år gamal.
Harald Straume kom til Sveio i 1958, då han gifta seg med Bjørg Sandvik og tok over den historiske garden i Straumen. Sidan skulle han setja mange og tydelege spor etter seg i lokalsamfunnet vårt.
Han vart vald inn i kommunestyret første gong i 1972, og var ordførar i Sveio frå 1974 til 1978. Dette var år med viktig utvikling for kommunen. Harald var mellom anna sentral i arbeidet med å løysa avløpsforholda i Sveio sentrum, han var aktivt med i arbeidet med generalplanen for kommunen – det me i dag kjenner som kommuneplanen – og han bidrog sterkt til utbygging av nye byggjefelt.
Han engasjerte seg også sterkt i saker som hadde mykje å seia for folk sin kvardag, mellom anna utbygginga av Tittelsnesvegen. Gjennom arbeidet sitt viste han ei tydeleg interesse for at Sveio skulle utvikla seg i rett retning, og han arbeidde målretta for framgang og vekst i kommunen.
Harald Straume var kjend som ein samlande politikar. Han møtte folk med respekt, lytta til dei rundt seg og hadde eit ekte engasjement for lokalsamfunnet han var ein del av.
I tillegg til det politiske arbeidet i Sveio hadde han eit langt engasjement utanfor kommunen. I 1963 vart han tilsett som sekretær for Senterpartiet i Hordaland. Seinare vart han leiar for Kommunenes Sentralforbund i Hordaland. Dette arbeidet vart starten på 18 år med vekependling til Bergen og mykje reising rundt om i fylket, og gjorde at han valde å tre ut av ordførarvervet.
Me ser attende med takksemd og respekt på ein ordførar med stort engasjement for kommunen sin, og som gjennom mange år gjorde ein stor innsats for fellesskapet.
Minnet om innsatsen hans vil leva vidare, både i kommunen han tente og hos dei menneska som fekk gleda av å kjenna han.
Våre varmaste medkjensle går til familien og dei næraste i sorga. Me lyser fred over Harald Staume sitt minne.
På vegner av Sveio kommune
André Mundal Haukås
ordførar