nyhende
Minstepensjonistane får meir å rutte med
Denne veka får om lag 150 000 minstepensjonistar eit løft i alderspensjonen. Med septemberutbetalinga kjem ei etterbetaling for perioden mai–august, medan den nye satsen blir utbetalt frå oktober.
For ein einsleg minstepensjonist utgjer auken totalt 21 000 kroner meir i året, når det nye tillegget på 8 000 kroner blir lagt saman med det ordinære trygdeoppgjeret frå 1. mai.
Auken på 8 000 kroner i året gjeld både einslege og gifte/sambuande minstepensjonistar. Han kjem i tillegg til den ordinære reguleringa, som gav alderspensjonistane ein auke på 4,69 prosent frå 1. mai 2026.
Dei som er fødde i 1953 eller tidlegare, får heile auken på 8 000 kroner. Dei som er fødde mellom 1954 og 1962, får ein forholdsmessig del av auken.
Nokre pensjonistar vil få utbetalt auken litt seinare enn september.