nyhende
Nærmar seg 40 med stormskritt
Kristine Strandenes Knutsen er den neste ut i 40-årsfeiringa av både Vestavind og sveibuar.
Me har enno mange jubielumscapsar å dela ut. Så er du 86-ar og har lyst til å vera med er det berre å hiva seg rundt. Oppskrift finn du nedst i saka.
– Kva barne- og ungdomsskule gjekk du på?
– Sveio barne- og ungdomsskule.
– Korleis har du feira, eller skal feira, 40-årsdagen?
– Den skal feirast saman med familie og gode vener frå Bergen.
– Kva gjer du no?
– Etter mange år i Bergen jobbar ho no som anestesisjukepleiar på Haugesund sjukehus.
– Er det sveibuar du vil framsnakka, og kvifor?
– Her må det kanskje opplysast om at Kristine ikkje har sendt inn dette sjølv. Familien ynskjer difor å framsnakka jubilanten for alt ho gjer for ungane sine, Sigurd og Jens.