nyhende

Å ha beina på dashbordet kan føre til svært alvorlege skadar ved ei trafikkulykke. - Det er enorme krefter i ei kollisjonspute som blir løyst ut, åtvarar NAF.

NAF åtvarar: – Ikkje ha beina på dashbordet

For mange betyr sommarferien lange bilturar, og mange kan kanskje bli freista til å leggja beina på dashbordet for å slappe av. – Ikkje gjer det, seier NAF.

Publisert

– Vi har sjølvsagt forståing for at ein ønskjer å ha det så komfortabelt som mogleg på biltur. Men å leggja beina på dashbordet kan bety alvorlege skadar i ein kollisjon, seier rådgivar i NAF, Jan Harry Svendsen, i ei pressemelding.

Problemet er i første rekkje kollisjonsputa. Om det skjer ei ulykke, blir kollisjonsputa løyst ut med eit veldig trykk og i stor fart. Har ein då beina på dashbordet, vil dette føre til svært alvorlege skadar.

– Kollisjonsputer er laga for å redde liv og for å redusere skadeomfanget, men det gjeld berre dersom ein sit rett. Beina skal vere på golvet for den som sit i passasjersetet, seier Svendsen.

Ifølgje NAF vil heller ikkje bilbeltet fungere slik det skal, dersom ein har beina oppe på dashbordet.

– Tryggingssystemet til bilen er eit avansert samspel som krev at du sit rett. Legg du setet for langt tilbake og beina på dashbordet, vil dette samspelet bryte saman. Stramminga av bilbeltet er tilpassa slik at du treffer kollisjonsputa på akkurat rett tidspunkt. Dette vil ikkje fungere dersom du ligg tilbakelent i setet eller har beina på dashbordet, seier Svendsen.

Powered by Labrador CMS