nyhende

For første gong er det fleire barn enn pensjonistar i Noreg, viser nye tal frå Nav. Illustrasjonsfoto: Jan Haas / NTB

Nav: For første gong fleire pensjonistar enn barn i Noreg

For første gong er det fleire som får alderspensjon enn det er barn med barnetrygd, viser nye tal frå Nav.

Publisert

I juni var det 1.097.400 mottakarar av alderspensjon og 1.096.500 barn med barnetrygd. Det er 900 fleire alderspensjonistar enn barn med barnetrygd, opplyser Nav i ein pressemelding.

– I juni passerte talet på alderspensjonistar for første gong talet på barn med barnetrygd. Det markerer eit historisk skifte i befolkningssamansetninga og viser ei utvikling som får mykje å seie for arbeidslivet og velferdssamfunnet i åra som kjem, seier arbeids- og velferdsdirektør Hege Nilssen.

Talet på alderspensjonistar har auka kraftig dei siste åra. Sidan mars 2021 har det vorte over 100.000 fleire. I same periode har talet på barn med barnetrygd falle med over 8000, ifølgje Nav.

Dei ventar at utviklinga kjem til å halde fram, medan andelen av befolkninga i yrkesaktiv alder kjem til å falle. I 2035 ventar dei 300.000 fleire pensjonistar enn barn med barnetrygd.

Det er store forskjellar internt i Noreg: I Innlandet er det 133 pensjonistar per 100 barn og i Nordland 120 pensjonistar per 100 barn. I andre enden er det berre 70 pensjonistar per 100 barn i Oslo, og 75 i Rogaland.

– Aldringa skjer i heile landet, men utviklinga slår svært ulikt ut. Mange distriktskommunar får både fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. Det kan gjere konkurransen om arbeidskrafta særleg stor i desse områda, seier Hege Nilssen.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS