nyhende
Nelly alvorleg skadd i kamp med kongeørn
Kjellaug Selsaas og den internasjonalt premierte hunden Nelly kom i fokus for heilt andre ting enn VM-medaljar nyleg. Nelly har vore i ørnekamp. Ho hadde marginane på si side og ser ut til å bli heilt bra, men nordisk meisterskap i helga rekk ho ikkje.
Kjellaug og Harald Selsaas var nyleg i eigen beitemark i Stokkadalen i Nedre Vats kor dei alltid har hundane løpande fritt rundt seg. Då dei kom ned at til husa, var Nelly uroleg og drog til skogs att. Då hadde ho truleg fått tefta av eit daudt lam.
Då Nelly kjem heim er ho skiten, brukar berre tre bein og er tydeleg prega av kamp.
Veterinær neste stopp
– Eg dusja henne og oppdaga då store sår under pelsen og eit blodsprengt auge, seier Kjellaug Selsaas.
Då var det ingen tvil om at veterinær var neste stopp. I dusjen var ho så prega og sliten at ho knapt ville stå oppreist. Hos veterinær Lande i Haugesund blei det omfattande handsaming av ikkje mindre enn sju opne sår og flenger.
– Det eine var djupt og på ein stad som gjorde at veterinæren vurderte det som mogleg lungeskade, men røntgen viste at det heldigvis ikkje var det, seier ho.
Pels og klo
Dei vurderer det slik at ørna har vore først på lammet, men at Nelly har dukka forstyrrande opp. Då har ørna gått til angrep på hunden.
– Me trur vel at Nelly har prøvd å jage vekk ørna frå lammet, og så har ørna forsvara seg, seier Kjellaug.
Harald Selsaas gjekk dei få hundre metrane opp til åstaden medan Nelly fekk stell. Han fann ørna ståande etande av lammet, og på åstaden var det ein del pels frå Nelly og dessutan fann han ei avreven ørneklo. Då kunne han òg sjå at det ikkje var ei havørn, men sjølvaste kongeørna som Nelly hadde vore i kamp mot.
Forfall til nordisk
Kjellaug og Nelly har vore i hardtrening til den nordiske meisterskapen i lydigheit denne helga, men treninga er byta ut med litt rolegare dagar heime. No er krage, dren og sting fjerna, og Nelly ser ut til å koma seg veldig bra .
— Eg må passa på så ho ikkje sleikar seg i såra, men det går betre no enn heilt i starten då det var eit drèn tilknytt det eine såret, seier ein trass alt letta eigar.
Reflekterande i etterkant er Kjellaug Selsaas tydeleg på at Nelly er ei tøff dame som med sine 14,5 kilo, og stor tru på seg sjølv, har gått inn i ein farleg situasjon.
– Det er dyr me har med å gjera her, og ørna har sin naturlege plass i naturmangfaldet, seier ho.
Ei rad av tilfeldige ting
Ho tenkjer at dette ikkje skjer to gonger, og vurderer det slik at hundane hennar ikkje til vanleg er i fare for å ble angripne av ørn. Ho trur det er ei rad av tilfeldige ting som har skapt den uheldige situasjonen mellom dei to dyra.
Dei har sauer på bruket, og veit at det er ørn i skogen ovom dei.
– Me har for vane å venta med å sleppa lamma ut i terrenget til dei er såpass store at dei ikkje er så naturleg byte for ørna, seier ho.