nyhende
Nesten 4 av 10 betaler med digitale lommebøker
Den norske betalingsløysinga BankAxept har sett ny rekord i betalingar med digitale lommebøker.
– Stadig fleire droppar bankkortet og betalar med digitale lommebøker. Utviklinga har gått fort, seier Øyvind Westby Brekke, leiar for Stø, selskapet bak BankAxept, i ei pressemelding.
BankAxept ligg i dei fleste norske bankkort og er den mest brukte betalingsløysinga i norske butikkar. Tala gir derfor eit godt bilete av korleis nordmenn betaler.
– Framleis vel fleirtalet å tæppe med fysiske bankkort, men utviklinga mot digitale lommebøker går fort. Delen betalingar med mobilen og digitale lommebøker har for BankAxept gått frå 0 til 37 prosent på to år. Ein gong neste år vil truleg halvparten av betalingane skje med digitale lommebøker, seier Brekke.