nyhende

Har du ikkje fått med deg dei nye bøtesatsane på sjøen? Du er langt frå åleine.

Ni av ti båtførarar har null kontroll på dei nye reglane

I starten av 2026 vart bøtesatsane på sjøen mangedobla, men det har nesten ingen fått med seg. Båtfolket kan få seg ei skikkeleg sjokkbot i sommar.

Publisert

– Bota for å køyra over fartsgrensa har auka frå 1.500 til 5.000 kroner. Auken vart innført 1. januar i år, og det var første gongen på 24 år at satsane steig, seier fagsjef på båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen, i ei pressemelding.

I ei fersk undersøking Norstat har gjort for Frende går det fram at 52 prosent av båtførarane ikkje veit at det har komme nye bøtesatsar. 39 prosent veit at bøtene har auka, men aner ikkje kva dei nye satsane er. Berre 8 prosent har full kontroll på dei nye bøtesatsane.

Samtidig viser undersøkinga at rundt halvparten synest det er krevjande å vita kva fartsgrenser som gjeld på sjøen.

– Når éin av to anten er usikre eller ikkje veit kva fartsgrensa er, er det eit problem. Alle som køyrer ein båt, må kjenna reglane der dei ferdast, seier Wold Gaulen.

Ei av utfordringane er at ansvaret for fartsgrenser er delt.

Kystverket fastset fartsgrenser i dei statlege farleiene, medan kommunane kan innføra eigne fartsgrenser for fritidsbåtar i sine sjøområde. Det betyr at reglane kan endra seg når du passerer ei kommunegrense.

– Du kan bruka appen Båtfart som hjelpemiddel, men han tek atterhald om at kommunane kan ha eigne reglar som ikkje står i appen. Som båtførar er det ditt ansvar å undersøkja kva som gjeld, og den informasjonen er ikkje alltid like lett å finna, seier Wold Gaulen.

Dette er dei nye bøtesatsane:

* For ung eller manglar pålagt båtførarprøve: Auka frå 500 og 1.500 til 5.000 kroner. Auka til 7.500 for båt som krev høghastigheitsbevis.

* Køyring over fartsgrensa: Auka frå 1.500 kroner til 5.000 kroner.

* Manglande bruk av vest per person: Auka frå 500 kroner til 900 kroner.

* Manglande eller mangelfulle lanterner: Auka frå 2.000 og 1.500 kroner, til 5.000 og 4.000 kroner.

* Fellesbot: Maksgrensa har auka frå 5.000 til 15.000 kroner.

* Subsidiær fengselsstraff: Kvar 1.000-lapp i forenkla førelegg blir omrekna til ein dag i fengsel.

Powered by Labrador CMS