nyhende

Ni personar mista livet i drukningsulykker i oktober i år, viser statistikk frå Redningsselskapet.

Ni personar drukna i oktober

75 personar har drukna i Noreg så langt i år, viser statistikk frå Redningsselskapet.

Publisert

Talet på omkomne i oktober har variert betydeleg frå år til år. I oktober i fjor var det fire personar som omkom.

– Fleire av ulykkene i oktober viser kor alvorlege konsekvensar det kan få å hamne uventa i sjøen. Når underlaget blir glatt og vatnet kaldt, er det viktig å vere ekstra merksam, også når ein berre skal gjere eit kort ærend på bryggja, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet, i ei pressemelding.

72 menn og 3 kvinner

Alle dei ni omkomne i oktober var menn. Så langt i år har 72 menn og 3 kvinner mista livet i drukningsulykker i Noreg. Fire av oktoberulykkene er kategoriserte som fall frå land, fire var relaterte til fritidsbåt, inkludert vass-skuter, og éin skjedde under dykking.


Regn, frost og is kan gjere brygger, kaier og svaberg glatte på seinhausten og vinteren. Eit fall i kaldt vatn kan utløyse kuldesjokk, som gjer det vanskeleg å kontrollere pusten og halde seg flytande, sjølv for gode svømmarar.

– Bruk flyteplagg også på brygga

– Vi anbefaler å bruke flyteplagg også når ein skal ut på brygga for å sjå til båten, og helst ha nokon saman med seg. Tenk også gjennom korleis du kan komme deg opp igjen dersom du dett ut i vatnet. Med tunge klede og kaldt vatn kan det vere svært krevjande å klare det på eige hand, seier Krangnes.

Redningsselskapet oppmodar eigarar og driftsansvarlege for småbåthamner til å kontrollere at redningsstigar, livbøyer og belysning er på plass og fungerer gjennom vinteren.

Powered by Labrador CMS