nyhende
Ni forenkla førelegg vart gjevne torsdag ettermiddag.
FOTO: Ellen Marie Hagevik(arkiv)
Ni tekne i trafikkontroll
Utrykkingspolitiet var torsdag ettermiddag på plass langs E39.
Satsar(på bokmål)
Her er dei nye satsane i trafikken. OBS; på bokmål. FOTO: Skjermdump: lovdata.no
– Dei byrja klokka 16 og avslutta rundt klokka 19, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Ingvild Vea.
Utrykkingspatruljen stoppa i dei timane ni sjåførar, som alle fekk forenkla førelegg grunna for høg fart.
– Den høgast målte var 79 kilometer i timen i 60-sona, seier Vea.
Etter dei nye satsane som trådde i kraft i februar i år, vert det då ein bot på 7800,- kroner, for sjåføren med høgast fart.