nyhende

Kommunen sitt grindabygg har fått nytt skifertak.

No er taket på plass på grindabygget

Berre stillaset og nokre plank er synlege prov på at det er blitt arbeidd på grindabygget utanfor Sveio kommunehus. No er bygget ferdig. 

Publisert

Arbeidet med skifertaket starta for knapt to veker sidan. Då var det ein dugnadsgjeng frå Lions Sveio som stod og hamra. No er taket ferdig, og ein har mellom anna høve til å søkja ly for regnet om ein er i området.

Det opphavlege grindabygget ved Sveio kommunehus blei i mars 2026 fjerna etter at det blei oppdaga råteskadar. Kommunen meinte skadane var så omfattande at dei utgjorde ein tryggleiksrisiko.

– Sjølve bygget blei teke ned for ei stund sidan då me oppdaga at det var råte i desse beina som ber konstruksjonen, fortalde einingsleiar for drift og vedlikehald i Sveio kommune, Frederik Aalo Flood, til Vestavind den gongen.

Kommunen starta straks arbeidet med å reisa eit nytt grindabygg og ein gapahuk på same staden.

Reisverket kom på plass i løpet av våren. I juni blei treverket olja. Skiferen blei deretter gjort klar.

For vel to veker sidan starta arbeidet med å lekta taket og leggja skiferen der han høyrer heime. 

Powered by Labrador CMS