nyhende

Strøsand til pensjonistar frå kommunen.

No kan du få strø­sand heilt heim

Vinteren har gjort sitt inntog i distriktet. No kan pensjonistar og uføre få køyrt heim strøsand.

Publisert

Kaldt og frostrikt vêr kan føra til glatte vegar, fortau og trapper. No tek kommunen grep og tilbyr heimkøyring av strøsand til uføre og pensjonistar.

– Alle pensjonistar og uføre kan ta kontakt med kommunen på telefonnummer eller via kontaktskjemaet på nettsida til kommunen, så køyrer me ut fortløpande, seier avdelingsleiar ved aktivitetshuset, Linn Vågseng.

Ha bøtta klar

Brukarane av aktivitetshuset køyrer deretter heim til kvar einskild. Vågseng oppmodar folk om å ha bøtta klar dersom dei har bestilt strøsand.

– Me har ikkje høve til å levera store kassar med sand, seier ho.

Vågseng peikar på at vinteren er høgsesong for brotskadar, og at tilbodet vonleg reduserer faren for brot. 

Set ut kassar

– Samstundes er dette eit veldig kjekt tilbod til innbyggjarane, og ikkje minst eit fint tiltak for brukarane våre, seier ho.

Sveio kommune har også sett ut dunkar med strøsand fleire stader.

– Pensjonistar og uføre kan også henta strøsand sjølve på det kommunale området langs vegen vis-à-vis Sveio Auto, alternativt på Skomakartorget nedst i Førde sentrum. Her er det viktig at ein tek med eiga bøtte, blir det opplyst.

Powered by Labrador CMS