nyhende
No må du få opp farten om du skal sende julepost ut i verda
Skal julegåva halvvegs rundt kloden, byrjar det å haste. Allereie 24. november går dei første fristane i år ut for å sende julepakkar til utlandet.
– Til enkelte land går fristen ut allereie i november, så du bør vere tidleg ute med å sende pakkane for å vere sikker på at gåvene når fram til jul, seier kommunikasjonsdirektør Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Bring i ei pressemelding.
24. november går fristen ut for julepakkar til mellom anna Elfenbeinskysten og Sierra Leone, medan dagen etter står land som USA, Mexico, Puerto Rico og Marokko for tur. Deretter følgjer stadig fleire land, medan det til mange europeiske land er mogleg å vente til ut i desember med å sende. Ekspresspakkar er mogleg å sende etter desse fristane, men det vil koste meir, avhengig av kva land du skal sende til.
Pakkane kan også sendast etter fristane, men då kan ikkje Posten Bring garantere at dei kjem fram før jul.
– Det er store forskjellar på kor tidleg julegåvene må sendast. Derfor er det lurt å sjekke fristen for landet du skal sende til, og ikkje vente til siste moglegheit dersom gåva allereie er klar, seier Pettersen.