nyhende

Grindabygget blei olja av Oddmund Svartveit og Bernt Herland frå Lions Sveio.

No manglar berre taket

Reisverket til grindabygget ved kommunehuset har vore på plass ei stund. No manglar det berre skiferheller på taket.

Publisert

Tysdag blei grindabygget olja. Og igjen er det Lions Sveio som trør til. Jobben blei gjort av Oddmund Svartveit  og Bernt Herland. Dei kunne fortelja at taket truleg kjem på etter sommarferien.

Når taket kjem på, blir det ein fin plass å setta seg, anten det er godt vêr eller regnar. Då kan ein også beundra det flotte handverket.

Grindabygget ligg fint til mellom dei store furutrea ved kommunehuset.

Eit grindabygg er eit bygg av grindverk. Alt er laga av tre, og det er ingen spiker eller skruer som kan rusta. Bygget er ein konstruert ved at grinder går på tvers av lengderetninga og er det berande elementet. Der det er trong for å låsa delar, blir det brukt trepluggar.

– Taksperrene er ikkje festa, men når skifertaket kjem på blir det så tungt at det ikkje er nødvendig. Det blir liggande i spora som er skore ut i bjelkane, fortel Herland.

Byggemåten var vanleg for uthus, løer og naust før, særleg i Rogaland og Romsdal. På Nedre Økland gard sto ei ny grindløe ferdig i 2020:


Powered by Labrador CMS